01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet
- Teknisk utval finn ikkje grunnlag for å kunne gje dispensasjon frå reguleringsplan for etablering av permanent tilkomst over gang- og sykkelveg og regulert parkbelte til den nyetablerte einebustaden i Stålhaugen 16, gnr. 25, bnr. 386, snr. 1. Utvalet grunngjev avslaget på søknaden med at vilkåra for å gje dispensasjon, jf. plan- og bygningslova § 19-2, ikkje er til stades då omsyna bak reguleringsplanen vil verte vesentleg sett til side ved omsøkte dispensasjon fordi tryggleiken gang- og sykkelvegen skal ivareta for mjuke trafikantar vert redusert, jf. også uttalane frå regionale mynde. Skal permanent tilkomst etablerast over gang- og sykkelvegen, må dette i så fall fall skje med bakgrunn i ein reguleringsendringprosess, jf. saksutgreiinga.
- Teknisk utval kjenner til at gang- og sykkelvegen framleis vert nytta som køyretilkomst med bil og parkering til Stålhaugen 16 utan at det ligg føre naudsynt løyve til slik bruk - noko utvalet ser alvorleg på. Utvalet føreset at tiltakshavar rettar seg etter gjeldande administrativt vedtak 24/26, datert 28.01.2026, der det er gjeve pålegg om opphøyr av bruk av ulovleg etablert tilkomst og stenging av tilkomsten med blokker. Då fristen for endeleg opprydding og tilbakeføring av areal har gått ut, ber utvalet administrasjonen om å fylgje opp pålegget ved å vurdere iverksetting av nødvendige sanksjonsmidlar etter pbl § 32-3 som mellom anna kan medføre bruk av tvangsmulkt, jf. utsendt førevarsling. Eit supplerande alternativ som bør vurderast er ei innsnevring av gang- og sykkelvegen ved utplassering av betongblokker eller anna fysisk hinder i nedre del, slik at det er fysisk umogleg å køyre opp med bil og parkere i vegområdet nord om bustaden.
Vedlegg
Les meir
expand_more