01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet
Teknisk utval gjev med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 mellombels dispensasjon frå reguleringsformålet “Forsamlingslokale FL” og frå byggeforbodet i strandsona, jf. pbl § 1-8, slik at badstove og trapp til sjø kan etablerast som omsøkt.
Teknisk utval set følgjande vilkår for dispensasjonane:
- Skriftleg grunnavtale med Ulstein kommune for bruk/leige av gnr. 7, bnr. 245 må ligge føre.
- Skriftleg avtale med Aktivitetshuset Vikholmen i høve bruk/leige av sanitæranlegg må ligge føre.
- Badstova skal tilretteleggast for universell utforming og med trinnfri tilkomst.
- Svaberg skal ikkje skadast som følgje av plassering av fundament eller forankring.
- Trapp til sjø må ha handlist på begge sider.
- Uttalen frå kommuneoverlegen vert lagt til grunn og tiltak må stettast.
- Før badstova vert utplassert, må der ligge føre godkjent byggesøknad etter pbl § 20-3 (tiltak med ansvarsrett) der vilkåra over er dokumentert stetta.
- Før tiltaket vert teke i bruk, skal der ligge føre ein endeleg godkjenning frå administrasjonen ved plan- og bygningsavdelinga og kommuneoverlegen.
Basert på søknad, omfang og vilkåra som vert sette i dette vedtaket, meiner teknisk utval at dispensasjonane ikkje vesentleg set til side dei omsyna reguleringsplanen eller strandsonevernet er meint å ivareta. Utvalet meiner også at fordelane for søkjar samla sett er større enn eventuelle ulemper for omgjevnadene.
Administrasjonen får mynde til å følgje opp byggesaka vidare som tiltak etter plan- og bygningslova §§ 20-1 og 20-3.
Vedlegg
Les meir
expand_more