Hopp til hovudinnhaldet

Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval gjev med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 mellombels dispensasjon frå reguleringsformålet “Forsamlingslokale FL” og frå byggeforbodet i strandsona, jf. pbl § 1-8, slik at badstove og trapp til sjø kan etablerast som omsøkt.

Teknisk utval set følgjande vilkår for dispensasjonane:

  1. Skriftleg grunnavtale med Ulstein kommune for bruk/leige av gnr. 7, bnr. 245 må ligge føre.
  2. Skriftleg avtale med Aktivitetshuset Vikholmen i høve bruk/leige av sanitæranlegg må ligge føre.
  3. Badstova skal tilretteleggast for universell utforming og med trinnfri tilkomst.
  4. Svaberg skal ikkje skadast som følgje av plassering av fundament eller forankring.
  5. Trapp til sjø må ha handlist på begge sider.
  6. Uttalen frå kommuneoverlegen vert lagt til grunn og tiltak må stettast.
  7. Før badstova vert utplassert, må der ligge føre godkjent byggesøknad etter pbl § 20-3 (tiltak med ansvarsrett) der vilkåra over er dokumentert stetta.
  8. Før tiltaket vert teke i bruk, skal der ligge føre ein endeleg godkjenning frå administrasjonen ved plan- og bygningsavdelinga og kommuneoverlegen.

Basert på søknad, omfang og vilkåra som vert sette i dette vedtaket, meiner teknisk utval at dispensasjonane ikkje vesentleg set til side dei omsyna reguleringsplanen eller strandsonevernet er meint å ivareta. Utvalet meiner også at fordelane for søkjar samla sett er større enn eventuelle ulemper for omgjevnadene.

Administrasjonen får mynde til å følgje opp byggesaka vidare som tiltak etter plan- og bygningslova §§ 20-1 og 20-3.

Behandling

Kommunalsjefen si tilråding:

Votering:

samrøystes vedteke.

Vedtak