Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval finn at vilkåra for å kunne gje dispensasjon etter plan og bygningslova § 19-2 ikkje er oppfylt. Dei omsøkte tiltaka steinfylling, trapp i sjøkanten, båtopptrekk og flytebrygge vil samla sett medføre ei uheldig auka belastning på strandsona, gjennom ytterlegare terrenginngrep og privatisering.
Tiltaka vil medføre ei vesentleg tilsidesetjing av omsyna bak strandsonevernet, jf. plan og bygningslova § 1-8, særleg omsynet til allmenn ferdsel, friluftsliv og landskap. På dette grunnlaget kan dispensasjon ikkje gjevast.
Teknisk utval føreset at administrasjonen følgjer opp avslag om dispensasjon med pålegg om retting av dei utførte tiltaka inkludert tidsfrist, jf. kap. 32 i plan - og bygningslova.
Behandling
Alf Johan Antonsen (Framstegspartiet) fremja følgjande forslag på vegne av Frp, H, INP, KrF, Frp, H, INP, KrF:
Teknisk utval viser til synfaring i strandsona på gnr. 23, bnr. 8, 39 i møtet 5. februar 2026. Strandsona nord for eigedommen er nedbygd til næringsføremål. Strandsona nord for industriområdet har omfattande innslag av naust. På naboeigedommen i sør er der godkjent flytebrygge. Basert på dei omfattande inngrepa som over tid har vore gjort i nærliggjande strandsone med tilhøyrande aktivitet, finn teknisk utval at omsøkte tiltak fell naturleg inn i rekka av tiltak i strandsona på denne delen av Hasund og på Strandabøen. Utvalet meiner at omsøkte tiltak såleis ikkje i vesentleg grad vil setje til side omsyna § 1-8 i plan- og bygningslova (pbl) om forbod mot tiltak i strandsona eller byggeforbodet i landbruks- natur- og friluftsområdet (LNF) i kommuneplanen § 8.1.1 er meint å ivareta.
Teknisk utval meiner at fordelane for søkjar ved omsøkte tiltak er større enn ulempene, og finn difor grunnlag for å kunne gje dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19-2 slik dei går fram av søknaden for følgjande:
• Steinfylling/murkant/planering
• Trapp i sjøkanten
• Båtopptrekk
• Flytebrygge med landgang og forankring
For flytebrygge vert det gjeve mellombels dispensasjon etter § 19-3 i pbl som gjeld inntil vidare med same grunngjeving som for tiltaka elles. I den grad kommunen gjev dispensasjon for flytebryggjer, vert desse vanlegvis gjort mellombels då flytebrygge med forankring og landgang er flyttbare konstruksjonar. Ved eventuell etablering av større fellesanlegg i denne delen av kommunen eller det skulle liggje føre andre relevante årsaker, kan kommunen trekke dispensasjonen attende og krevje flytebrygga fjerna.
Teknisk utval føreset at mellombels opparbeidd anleggsveg vert fjerna og terrenget tilbakeført til opphaveleg tilstand, jf. opplysningar framlagt i søknaden.
Teknisk utval ser alvorleg på at det er utført såpass omfattande tiltak i strandsona og i LNF-område med byggeforbod utan søknad eller løyve. Sidan tiltaka i stor grad er utført utan løyve etter pbl, førevarslar teknisk utval om at det kan verte gjeve overtredingsgebyr til eigar på 65 000 kr, jf. § 32-8 i plan- og bygningslova og forskrift om saksbehandling og kontroll SAK 16-1 c) nr. 2. Utvalet baserer gebyrnivået på at det er utført fleire tiltak som kvar for seg er i strid med strandsonevernet i § 1-8 i pbl og byggeforbodet i LNF-området i arealdelen av kommuneplanen.
Vedtak om overtredingsgebyr kan fattast administrativt i samsvar med førevarslinga.
Søknad om tiltak etter pbl kap. 20 vert handsama administrativt.
Votering:
vedteke med 5 mot 2 stemmer.
FOR
Framstegspartiet (1/1)
Høgre (2/2)
Industri- og Næringspartiet (1/1)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
MOT
Senterpartiet (1/1)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
Kersti Hasund (Sosialistisk Venstreparti) fremja følgjande forslag:
Teknisk utval finn ikkje grunnlag for å gje dispensasjon for steinfylling/mur, trapp i sjøkanten eller flytebryggje då desse samla sett vil medføre ei uheldig auka belastning på strandsona, gjennom ytterlegare terrenginngrep og privatisering. Tiltaka vil medføre ei vesentleg tilsidesetjing av omsyna bak strandsonevernet, jf. plan og bygningslova § 1-8, særleg omsynet til allmen ferdsel, friluftsliv og landskap.
Teknisk utval føreset at administrasjonen følgjer opp avslag om dispensasjon med pålegg om retting av dei utførte tiltaka inkludert tidsfrist, jf. kap. 32 i plan - og bygningslova.
Når det gjeld søknaden om steinlagd båtopptrekk til naust for å få eit jamt og sikkert dekke, finn teknisk utval at dette tiltaket vil vere i samsvar med tradisjonen med stø for sjøsetting og opphalding av båt frå og til naust, jf. at det i søknaden er opplyst om at tiltaket skal gjere det enklare og tryggare å sjøsette og ta opp båt, redusere skadefare og gi betre lagring og vedlikehald gjennom året. Tiltaket gjeld eit område på om lag 3 x 10 meter. Teknisk utval gjev difor dispensasjon for båtopptrekk slik det er søkt om, jf. § 19-2 i plan- og bygningslova.
Votering:
fallen med 5 mot 2 stemmer.
FOR
Senterpartiet (1/1)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
MOT
Framstegspartiet (1/1)
Høgre (2/2)
Industri- og Næringspartiet (1/1)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Kommunalsjefen si tilråding:
Teknisk utval finn at vilkåra for å kunne gje dispensasjon etter plan og bygningslova § 19-2 ikkje er oppfylt. Dei omsøkte tiltaka steinfylling, trapp i sjøkanten, båtopptrekk og flytebrygge vil samla sett medføre ei uheldig auka belastning på strandsona, gjennom ytterlegare terrenginngrep og privatisering.
Tiltaka vil medføre ei vesentleg tilsidesetjing av omsyna bak strandsonevernet, jf. plan og bygningslova § 1-8, særleg omsynet til allmenn ferdsel, friluftsliv og landskap. På dette grunnlaget kan dispensasjon ikkje gjevast.
Teknisk utval føreset at administrasjonen følgjer opp avslag om dispensasjon med pålegg om retting av dei utførte tiltaka inkludert tidsfrist, jf. kap. 32 i plan - og bygningslova.
Votering:
fallen med 7 mot 0 stemmer.
Vedtak
Alf Johan Antonsen (Framstegspartiet) sitt forslag