Levekårsutvalet 06.05.2026
Levekårsutvalet er positive til områdeplan for Ulsteinvik sentrum som den ligg føre, og meiner den er godt utarbeidd.
Likevel peiker levekårsutvalet på parkeringssituasjonen i sentrum, og meiner at behovet for parkeringsplasser vil auke dei neste åra og etterlyser plan for etablering av fleire parkeringsplassar enn det områdeplanen syner.
Levekårsutvalet reagerer på at ei så omfattande sak vert lagt fram utan orientering eller at det er lagt til rette for fagleg bistand under møtet.
Kommunalsjefen si tilråding
Uttale til planframlegget vert lagt fram utan tilråding.
Ungdomsrådet 04.05.2026
Ungdomsrådet syns det er positivt med meir grøntareal i sentrum. For å utnytte parkeringsplassar som er i sentrum best, bør dei vere godt oppmerka/merkast opp der det ikkje er oppmerka.
Er det muleg å bygge dei høgre husa ein annan plass enn i sentrum? Unngå å bygge att sjøen. Ungdomsrådet peikar på at det er viktig at sentrum er godt tilrettelagt for mjuke trafikkantar.
Fellesrådet 05.05.2026
Fellesrådet tek planframlegget til vitende. Rådet vil likevel rette fokus på at ein er bevisst på plassering av benkar i sentrum for å sikre god universell utforming.
Behandling
Anders Myrene (Kristeleg Folkeparti) fremja følgjande forslag:
Formannskapet ber om at byggehøgde for område SF21 vert redusert, og at eksisterande bustad vert tatt ut av planen.
Votering:
vedteke med 4 mot 3 stemmer.
FOR
Framstegspartiet (1/1)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Senterpartiet (1/1)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
MOT
Høgre (2/2)
Industri- og Næringspartiet (1/1)
Punkt 1: Formannskapet synest det er positivt med fokus på mjuke overgangar og grøntanlegg mellom butikkar og parkering.
Punkt 1: Formannskapet synest det er positivt med fokus på mjuke overgangar og grøntanlegg mellom butikkar og parkering.
Votering:
vedteke med 6 mot 1 stemmer.
FOR
Høgre (2/2)
Industri- og Næringspartiet (1/1)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Senterpartiet (1/1)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
MOT
Framstegspartiet (1/1)
Punkt 2: Sikre at hotellet har nok fleksibilitet til å løyse utviklingsplanene. Vurdere og ta ut heile SF17

Punkt 3: Vurdere om Bjørndalsvegen 11 bør halde fram med dagens høgde og byggningsvolum.

Berit Roppen (Senterpartiet) fremja følgjande forslag:
Formannskapet ser
- Positivt med meir grøntareal i sentrum.
- Sentrum skal vere godt tilrettelagt for mjuke trafikkantar.
- Betre utnytting av parkeringsplassar ved betre merking
- Lager soner med større parkeingsplasser då mange større bilar ikkje passer inn i ein standard parkeringsplass.
- Ber om at ein tek hensyn til innspel frå befolkninga og ikkje bygge ut SF7 (Sjøsida byggetrinn 3), men bevare dette som eit ope parkområde med utsyn over sjøen.
- Sørsida av saunes elva parkområde vert omregulert til eit meir heilskapleg park område slik det var i den opphavlege planen.
Stian Skorgen Scheide (Høgre) fremja følgjande forslag:
Formannskapet synest det er positivt med fokus på mjuke overgangar og grøntanlegg mellom butikkar og parkering.
Sikre at hotellet har nok fleksibilitet til å løyse utviklingsplanene. Vurdere og ta ut heile SF17
Vurdere om Bjørndalsvegen 11 bør halde fram med dagens høgde og byggningsvolum.
Positiv til ei handheving av parkeringsregulering for å få starta ei vaneendring, samt auke «turnover» utanfor spesielt gateplasserte butikkar.
Vedtak
Anders Myrene (Kristeleg Folkeparti) sitt forslag
Formannskapet ber om at byggehøgde for område SF21 vert redusert, og at eksisterande bustad vert tatt ut av planen.
Punkt 1 Formannskapet synest det er positivt med fokus på mjuke overgangar og grøntanlegg mellom butikkar og parkering.
Formannskapet synest det er positivt med fokus på mjuke overgangar og grøntanlegg mellom butikkar og parkering.
Punkt 2 Sikre at hotellet har nok fleksibilitet til å løyse utviklingsplanene. Vurdere og ta ut heile SF17
Sikre at hotellet har nok fleksibilitet til å løyse utviklingsplanene. Vurdere og ta ut heile SF17
Punkt 3 Vurdere om Bjørndalsvegen 11 bør halde fram med dagens høgde og byggningsvolum.
Vurdere om Bjørndalsvegen 11 bør halde fram med dagens høgde og byggningsvolum.