Hopp til hovudinnhaldet
01

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Behandlet

Ulstein kommunestyre vil, med atterhald om Stortinget sitt vedtak av foreslått lovendring i Prop. 88 L (2025–2026), opne generelt for mellombels utvida skjenketid i Ulstein kommune i perioden 11. juni til 19. juli 2026 for etablerte skjenkestader med gyldig kommunal skjenkeløyve.

Den generelle opninga gjeld berre for skjenkestader som viser direktesende kampar frå fotball-VM for herrar 2026 for gjestene på staden, i samsvar med vilkåra i proposisjonen.

Den mellombelse utvidinga gjeld berre alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 og i tidsrommet mellom 02.00 og 06.00.

Det vert ikkje opna for utvida skjenketid for skjenkestader som ikkje oppfyller vilkåret om å vise direktesende VM-kampar for gjestene på staden.

Ordninga er mellombels og gjeld berre i den avgrensa perioden 11. juni til 19. juli 2026. Vedtaket inneber ikkje varig endring av Ulstein kommune sin alkoholpolitiske handlingsplan 2024–2028.

Ulstein kommunestyre gir Ulstein formannskap mynde til å ta avgjerd i saka i møte den 9 juni 2026.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå B. Roppen (Sp)

Forslag Behandlet

Formannskapet ber om at kulturetaten greier ut muligeita for å lage eit familievenleg alkoholfritt arrangement under fotball VM for menn 2026. Gjerne i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

Vedlegg

Les meir expand_more