Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

21:43 Forslag frå H

Ulstein kommunestyre vil, med atterhald om Stortinget sitt vedtak av foreslått lovendring i Prop. 88 L (2025–2026), opne generelt for mellombels utvida skjenketid i Ulstein kommune i perioden 11. juni til 19. juli 2026 for etablerte skjenkestader med gyldig kommunal skjenkeløyve.

Den generelle opninga gjeld berre for skjenkestader som viser direktesende kampar frå fotball-VM for herrar 2026 for gjestene på staden, i samsvar med vilkåra i proposisjonen. Den mellombelse utvidinga gjeld berre alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 og i tidsrommet mellom 02.00 og 06.00.

Det vert ikkje opna for utvida skjenketid for skjenkestader som ikkje oppfyller vilkåret om å vise direktesende VM-kampar for gjestene på staden. Det vert heller ikkje høve til å skjenke utandørs i den utvida skjenketida.

Ordninga er mellombels og gjeld berre i den avgrensa perioden 11. juni til 19. juli 2026. Vedtaket inneber ikkje varig endring av Ulstein kommune sin alkoholpolitiske handlingsplan 2024–2028.

Ulstein kommunestyre gir Ulstein formannskap mynde til å ta avgjerd i saka i møte den 9 juni 2026, etter endeleg vedtak om endring av lova.

Vedteke

FOR

17
Eldar Knotten Venstre Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Stian Skorgen Scheide Høgre Egil Ulfstein Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Erlend Eidem Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Mariette Gjerde Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Ivar Mork Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet

MOT

8
Arve Eldar Flø Uavhengig Morten Feiring Sosialistisk Venstreparti Oddvar Gjerde Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet

21:43 Formannskapet 13.05.2026

Formannskapet ber om at kulturetaten greier ut moglegheita for å lage eit familievenleg alkoholfritt arrangement under fotball VM for menn 2026. Gjerne i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

Vedteke

FOR

25
Eldar Knotten Venstre Arve Eldar Flø Uavhengig Morten Feiring Sosialistisk Venstreparti Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Oddvar Gjerde Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Egil Ulfstein Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Erlend Eidem Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Mariette Gjerde Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Ivar Mork Arbeidarpartiet

MOT

0