Forslag frå H
Ulstein kommunestyre vil, med atterhald om Stortinget sitt vedtak av foreslått lovendring i Prop. 88 L (2025–2026), opne generelt for mellombels utvida skjenketid i Ulstein kommune i perioden 11. juni til 19. juli 2026 for etablerte skjenkestader med gyldig kommunal skjenkeløyve.
Den generelle opninga gjeld berre for skjenkestader som viser direktesende kampar frå fotball-VM for herrar 2026 for gjestene på staden, i samsvar med vilkåra i proposisjonen. Den mellombelse utvidinga gjeld berre alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 og i tidsrommet mellom 02.00 og 06.00.
Det vert ikkje opna for utvida skjenketid for skjenkestader som ikkje oppfyller vilkåret om å vise direktesende VM-kampar for gjestene på staden. Det vert heller ikkje høve til å skjenke utandørs i den utvida skjenketida.
Ordninga er mellombels og gjeld berre i den avgrensa perioden 11. juni til 19. juli 2026. Vedtaket inneber ikkje varig endring av Ulstein kommune sin alkoholpolitiske handlingsplan 2024–2028.
Ulstein kommunestyre gir Ulstein formannskap mynde til å ta avgjerd i saka i møte den 9 juni 2026, etter endeleg vedtak om endring av lova.
Vedlegg
Formannskapet 13.05.2026
Formannskapet ber om at kulturetaten greier ut moglegheita for å lage eit familievenleg alkoholfritt arrangement under fotball VM for menn 2026. Gjerne i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
Vedlegg
Kommunedirektøren si tilråding
Ulstein kommunestyre vil, med atterhald om Stortinget sitt vedtak av foreslått lovendring i Prop. 88 L (2025–2026), opne generelt for mellombels utvida skjenketid i Ulstein kommune i perioden 11. juni til 19. juli 2026 for etablerte skjenkestader med gyldig kommunal skjenkeløyve.
Den generelle opninga gjeld berre for skjenkestader som viser direktesende kampar frå fotball-VM for herrar 2026 for gjestene på staden, i samsvar med vilkåra i proposisjonen.
Den mellombelse utvidinga gjeld berre alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 og i tidsrommet mellom 02.00 og 06.00.
Det vert ikkje opna for utvida skjenketid for skjenkestader som ikkje oppfyller vilkåret om å vise direktesende VM-kampar for gjestene på staden.
Ordninga er mellombels og gjeld berre i den avgrensa perioden 11. juni til 19. juli 2026. Vedtaket inneber ikkje varig endring av Ulstein kommune sin alkoholpolitiske handlingsplan 2024–2028.
Ulstein kommunestyre gir Ulstein formannskap mynde til å ta avgjerd i saka i møte den 9 juni 2026.