Hopp til hovudinnhaldet

Kommunedirektøren si tilråding

Uttale til planframlegget vert lagt fram utan tilråding.

Viltutvalet 27.05.2026

Innspel frå viltutvalet i Ulstein til Plan for naturmangfaldet i Ulstein kommune

Viltutvalet i Ulstein har gått gjennom planutkastet og kunnskapsgrunnlaget for temaplan for naturmangfald. Vi støttar arbeidet og ser planen som eit viktig verktøy for å styrkje naturforvaltninga i Ulstein. Samstundes meiner vi at viltperspektivet er for svakt representert i dokumentet, og at fleire sentrale artar og funksjonsområde må innarbeidast for å sikre ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning.

Vi ber om at følgjande punkt blir innarbeidde i det vidare planarbeidet:

1. Manglande omtale av viktige viltartar

Planen omtalar i liten grad viltartar som er viktige for Ulstein sin natur, friluftsliv og arealforvaltning. Dette gjeld særleg:

  • Hjort
  • Oter
  • Orrfugl
  • Lirype
  • Hare

Desse artane er sentrale både økologisk og for lokal bruk av utmark. Vi ber om at planen får eit eige avsnitt om viltartar og økologiske funksjonsområde.

2. Funksjonsområde for vilt må inn i temakartet

For å sikre gode og etterprøvbare vurderingar i plan- og byggjesaker må temakartet inkludere:

  • Hjort: trekkruter, vinterbeite, kalvingsområde og trafikkfarepunkt
  • Oter: kantsoner, hiområde og viktige bekkar og småvassdrag
  • Orrfugl: spelplassar og viktige lynghei- og myrområde
  • Rype: fjellområde med hekkeaktivitet og sårbare ferdselsområde
  • Hare: leveområde i skog, kulturlandskap og overgangssoner

Dette er vanleg praksis i mange kommunar og bør også vere det i Ulstein.

3. Restaureringstiltak må vurderast opp mot viltinteresser

Planen legg opp til restaurering av myr, vassdrag og kystlynghei. Dette er positivt, men må vurderast opp mot viltartar som nyttar desse områda:

  • Myr og lynghei er viktige for orrfugl, rype og hare
  • Myr og kantsoner er viktige for hjort og oter

Vi ber om at alle restaureringstiltak blir vurderte for konsekvensar for vilt, og at dialog med grunneigarar blir ein naturleg del av prosessen.

4. Ferdselsstyring må ta omsyn til vilt

Auka tilrettelegging for friluftsliv kan påverke vilt negativt. Vi ber om at:

  • Eventuelle nye stiar ikkje blir lagde gjennom spelplassar eller rypeområde
  • Ferdsel i viktige vinterbeite blir vurdert
  • Informasjon og skilting blir brukt for å styre ferdsel bort frå sårbare område
  • Leveområde for hare blir vurderte ved nye tiltak i skog og kulturlandskap

5. Kopling til hjorteviltplanen

Hjorteviltplanen er eit sentralt styringsdokument hjortevilt forvaltninga og må sjåast på om denne skal integrerast i naturmangfaldplanen. Vi ber om at:

  • mål og tiltak i hjorteviltplanen blir aktivt brukte i arealplanlegging
  • trekkruter og vinterbeite blir synliggjorde i temakartet
  • viltforvaltning blir sett i samanheng med naturmangfald, friluftsliv og trafikktryggleik

Oppsummering

Viltutvalet støttar planarbeidet, men meiner at viltartar og funksjonsområde – inkludert hjort, oter, orrfugl, lirype og hare – må få ein langt tydelegare plass i planen. Dette er avgjerande for ei heilskapleg, kunnskapsbasert og berekraftig naturforvaltning i Ulstein kommune.

Viltutvalet stiller gjerne opp i vidare dialog og bidreg med lokal kunnskap i det vidare arbeidet.

Behandling

Kommunedirektøren si tilråding:

Uttale til planframlegget vert lagt fram utan tilråding.

Votering:

samrøystes vedteke.

Viltutvalet 27.05.2026:

fallen med 7 mot 0 stemmer.

Vedtak