Høyringuttale frå Levekårsutvalet
Levekårsutvalet er positive til at Ulstein kommune no får ein eigen temaplan for naturmangfald. Planen gir kommunen eit viktig kunnskapsgrunnlag og tydelege strategiar for å ta vare på naturverdiane våre gjennom arealforvaltning, restaurering og betre kartlegging. Planen peikar på arealendringar som den største trusselen mot naturmangfaldet. Levekårsutvalet meiner det er viktig med god samhandling for å sikre at naturmangfaldplanen blir ein viktig del av vurderingane når kommuneplanen sin arealdel og framtidige reguleringsplanar skal behandlast. Levekårsutvalet ber administrasjonen ha dialog med Viltutvalet, som hadde viktige innspel.
Vedlegg
Kommunedirektøren si tilråding
Uttale til planframlegget vert lagt fram utan tilråding.
Vedlegg
Viltutvalet 27.05.2026
Innspel frå viltutvalet i Ulstein til Plan for naturmangfaldet i Ulstein kommune
Viltutvalet i Ulstein har gått gjennom planutkastet og kunnskapsgrunnlaget for temaplan for naturmangfald. Vi støttar arbeidet og ser planen som eit viktig verktøy for å styrkje naturforvaltninga i Ulstein. Samstundes meiner vi at viltperspektivet er for svakt representert i dokumentet, og at fleire sentrale artar og funksjonsområde må innarbeidast for å sikre ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning.
Vi ber om at følgjande punkt blir innarbeidde i det vidare planarbeidet:
1. Manglande omtale av viktige viltartar
Planen omtalar i liten grad viltartar som er viktige for Ulstein sin natur, friluftsliv og arealforvaltning. Dette gjeld særleg:
- Hjort
- Oter
- Orrfugl
- Lirype
- Hare
Desse artane er sentrale både økologisk og for lokal bruk av utmark. Vi ber om at planen får eit eige avsnitt om viltartar og økologiske funksjonsområde.
2. Funksjonsområde for vilt må inn i temakartet
For å sikre gode og etterprøvbare vurderingar i plan- og byggjesaker må temakartet inkludere:
- Hjort: trekkruter, vinterbeite, kalvingsområde og trafikkfarepunkt
- Oter: kantsoner, hiområde og viktige bekkar og småvassdrag
- Orrfugl: spelplassar og viktige lynghei- og myrområde
- Rype: fjellområde med hekkeaktivitet og sårbare ferdselsområde
- Hare: leveområde i skog, kulturlandskap og overgangssoner
Dette er vanleg praksis i mange kommunar og bør også vere det i Ulstein.
3. Restaureringstiltak må vurderast opp mot viltinteresser
Planen legg opp til restaurering av myr, vassdrag og kystlynghei. Dette er positivt, men må vurderast opp mot viltartar som nyttar desse områda:
- Myr og lynghei er viktige for orrfugl, rype og hare
- Myr og kantsoner er viktige for hjort og oter
Vi ber om at alle restaureringstiltak blir vurderte for konsekvensar for vilt, og at dialog med grunneigarar blir ein naturleg del av prosessen.
4. Ferdselsstyring må ta omsyn til vilt
Auka tilrettelegging for friluftsliv kan påverke vilt negativt. Vi ber om at:
- Eventuelle nye stiar ikkje blir lagde gjennom spelplassar eller rypeområde
- Ferdsel i viktige vinterbeite blir vurdert
- Informasjon og skilting blir brukt for å styre ferdsel bort frå sårbare område
- Leveområde for hare blir vurderte ved nye tiltak i skog og kulturlandskap
5. Kopling til hjorteviltplanen
Hjorteviltplanen er eit sentralt styringsdokument hjortevilt forvaltninga og må sjåast på om denne skal integrerast i naturmangfaldplanen. Vi ber om at:
- mål og tiltak i hjorteviltplanen blir aktivt brukte i arealplanlegging
- trekkruter og vinterbeite blir synliggjorde i temakartet
- viltforvaltning blir sett i samanheng med naturmangfald, friluftsliv og trafikktryggleik
Oppsummering
Viltutvalet støttar planarbeidet, men meiner at viltartar og funksjonsområde – inkludert hjort, oter, orrfugl, lirype og hare – må få ein langt tydelegare plass i planen. Dette er avgjerande for ei heilskapleg, kunnskapsbasert og berekraftig naturforvaltning i Ulstein kommune.
Viltutvalet stiller gjerne opp i vidare dialog og bidreg med lokal kunnskap i det vidare arbeidet.
Vedlegg
Ungdomsrådet 01.06.2026
Ungdomsrådet tek planen til vitende.
Ungdomsrådet vil gjerne spør om det er mulig med fleire søppelbøtter rundt om i kommunen. Mellom anna på Eika og Øvrevegen, som er mykje brukte turvegar.
Ungdomsrådet vil også peike på at Ulstein kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og vi må ta vare på det vidare. Naturen er ein av styrkane i kommunen.