Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

10:19 Kommunalsjefen si tilråding

  1. Teknisk utval gjev med heimel i Jordlova §12 løyve til å dele frå inntil 1,4 dekar rundt hus nr. 2 slik det går fram av søknaden. Delinga vil ikkje vere til drifts- eller miljømessige ulempe for landbruksdrifta på eigedomen eller i området eigedomen ligg. Frådelinga avgrensar samstundes moglegheita for nytt kårhus/bustadhus nr. 2.
  2. Teknisk utval gjev dispensasjon frå deleforbodet i kommuneplanen sin arealdel § 8.1.1 for frådeling av eksisterande bustad, Notanesvegen 9 på gnr. 33 bnr. 7, jf. plan - og bygningslova § 19-2. Dispensasjonen er grunngjeven med at tiltaket gjeld eksisterande bustadhus utan nye byggetiltak eller større inngrep, at omsyna bak LNF-formålet ikkje vert vesentleg tilsidesette og at den omsøkte parsellen ligg med ein viss avstand frå sjølve tunet på gardsbruket. Fordelane ved dispensasjon vert vurderte som større enn ulempene.

Vidare handsaming skjer administrativt i samsvar med søknad datert 30.03.2026.

Vedteke

FOR

7
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0