Forslag frå Sp, Frp, H, INP, Ap og KrF
Bruke beitedyr og bråtebrann i større grad for å halde vegetasjonen vedlike.
Samarbeid med bønder både til kartlegging og vedlikehald av artsmangfold.
Lage kart over uønska framandartar som finnes i kommunen.
Ber om at ein lagar informasjonsmøte til befolkninga om korleis ein nytter artsdatabanken.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå B. Roppen (Sp)
Bruke beitedyr og bråtebrann i større grad for å halde vegetasjonen vedlike.
Samarbeid med bønder både til kartlegging og vedlikehald av artsmangfold.
Lage kart over uønska framandartar som finnes i kommunen.
Ber om at ein lagar informasjonsmøte til befolkninga om korleis ein nytter artsdatabanken.
Vedlegg
Kommunedirektøren si tilråding
Uttale til planframlegget vert lagt fram utan tilråding.
Vedlegg
Viltutvalet 27.05.2026
Innspel frå viltutvalet i Ulstein til Plan for naturmangfaldet i Ulstein kommune
Viltutvalet i Ulstein har gått gjennom planutkastet og kunnskapsgrunnlaget for temaplan for naturmangfald. Vi støttar arbeidet og ser planen som eit viktig verktøy for å styrkje naturforvaltninga i Ulstein. Samstundes meiner vi at viltperspektivet er for svakt representert i dokumentet, og at fleire sentrale artar og funksjonsområde må innarbeidast for å sikre ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning.
Vi ber om at følgjande punkt blir innarbeidde i det vidare planarbeidet:
1. Manglande omtale av viktige viltartar
Planen omtalar i liten grad viltartar som er viktige for Ulstein sin natur, friluftsliv og arealforvaltning. Dette gjeld særleg:
Hjort
Oter
Orrfugl
Lirype
Hare
Desse artane er sentrale både økologisk og for lokal bruk av utmark. Vi ber om at planen får eit eige avsnitt om viltartar og økologiske funksjonsområde.
2. Funksjonsområde for vilt må inn i temakartet
For å sikre gode og etterprøvbare vurderingar i plan- o
Vedlegg
Ungdomsrådet 01.06.2026
Ungdomsrådet tek planen til vitende.
Ungdomsrådet vil gjerne spør om det er mulig med fleire søppelbøtter rundt om i kommunen. Mellom anna på Eika og Øvrevegen, som er mykje brukte turvegar.
Ungdomsrådet vil også peike på at Ulstein kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og vi må ta vare på det vidare. Naturen er ein av styrkane i kommunen.