Hopp til hovudinnhaldet
01

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Behandlet

Ulstein formannskap viser til delegert mynde frå kommunestyre jf.KOM - 44/26 om Utvida skjenketid under fotball VM og vedtek med heimel i lov om midlertidig endring av alkoholloven (unntak fra maksimaltiden for skjenking under fotball-VM for herrer 2026):

Ulstein formannskap opnar generelt for mellombels utvida skjenketid i Ulstein kommune i perioden 11. juni til 19. juli 2026 for etablerte skjenkestader med gyldig kommunal skjenkeløyve.

Den generelle opninga gjeld berre for skjenkestader som viser direktesende kampar frå fotball-VM for herrar 2026 for gjestene på staden, i samsvar med vilkåra i proposisjonen.

Den mellombelse utvidinga gjeld berre alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 og i tidsrommet mellom 02.00 og 06.00.

Det vert ikkje opna for utvida skjenketid for skjenkestader som ikkje oppfyller vilkåret om å vise direktesende VM-kampar for gjestene på staden.

Ordninga er mellombels og gjeld berre i den avgrensa perioden 11. juni til 19. juli 2026. Vedtaket inneber ikkje varig endring av Ulst

Vedlegg

Les meir expand_more