Hopp til hovudinnhaldet
01

Forslag frå H og FRP

Forslag Presentert av: Alf Johan Antonsen På vegner av Framstegspartiet, Framstegspartiet, Høgre og Høgre Behandlet

Ulstein kommunestyre opprettheld gjeldande rekkefølgekrav for bygging av Sundgotmarka barnehage i Hasund krins.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Formannskapet 09.06.2026

Innstilling Publisert

Ulstein kommunestyre held delvis fast på rekkefølgjekravet i reguleringsplanen for Barnehage Hasund krins.

Rekkjefølgjekravet i § 6.2 bokstav a) vert justert slik at krav om opparbeiding av fortau gjeld strekninga frå barnehagen (o_BH) og fram til kryssande gangveg Kjerringnesmyra/Pilane merka o_GG på plankartet.

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Gildskapsvurdering - L. M. B. Anderson (Sp)

Forslag Publisert

Varaordførar Lisa Mari Breivik Anderson er dotter til Lars Inge Breivik som har gitt skriftleg høyringsuttale til saka. Ho stiller derfor spørsmål om sin gildskap.

Kommunedirektøren si vurdering

I uttalen til Lars Inge Breivik er det peikt på forhold knytt til trafikk og behov for gangveg i området. Etter administrasjonen si vurdering er han ikkje part i saka, og han bur heller ikkje direkte ved dei planlagde tiltaka. Høyringsuttalen hans vert vurdert som eit ordinært innspel frå ein innbyggjar som er opptatt av trafikkløysingar i nærmiljøet.

Når ein ikkje er part, kjem ikkje reglane om automatisk ugildskap for nærståande etter forvaltningslova § 6 første ledd til bruk.

Spørsmålet er då om familieforholdet og høyringsuttalen likevel utgjer «særegne forhold som er eigna til å svekkje tilliten» til Lisa Mari Breivik Anderson si upartiskheit, jf. forvaltningslova § 6 andre ledd.

Etter kommunedirektøren si vurdering inneber ikkje uttalen nokon særleg personleg eller økonomisk fordel eller ulempe, ut over det som gjeld for fleire innbyggjarar i området. Det er ikkje hald for å seie at det ligg føre ei særinteresse i saka slik at tilliten til hennar upartiskheit vert svekt.

Kommunedirektøren vurderer etter dette at vilkåra for ugildskap etter forvaltningslova § 6 andre ledd ikkje er oppfylte.

Kommunedirektøren rår til at kommunestyret kjem til at Lisa Mari Breivik Anderson er gild til å delta i handsaminga av saka.

Det er kommunestyret sjølve som avgjer spørsmål om gildskap.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Publisert

Ulstein kommunestyre held delvis fast på rekkefølgjekravet i reguleringsplanen for Barnehage Hasund krins.

Rekkjefølgjekravet i § 6.2 bokstav a) vert justert slik at krav om opparbeiding av fortau gjeld strekninga frå barnehagen (o_BH) og fram til kryssande gangveg Kjerringnesmyra/Pilane merka o_GG på plankartet.

Vedlegg

Les meir expand_more
05

Teknisk utval 04.06.2026

Innstilling Publisert

Ulstein kommunestyre opprettheld gjeldande rekkefølgekrav for bygging av Sundgotmarka barnehage i Hasund krins.

Vedlegg

Les meir expand_more