Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval gjev med heimel i plan - og bygningslova §§ 19-2 og 19-3, mellombels dispensasjon frå strandsonevernet i plan- og bygningslova (pbl) § 1-8 og kommuneplanen § 8.1.1 for utlegging av flytebrygge på gnr. 38, bnr. 2, slik det går fram av søknaden. Dispensasjonen gjeld inntil vidare.
Grunngjeving for dispensasjonen er at den omsøkte plasseringa er vurdert som den mest føremålstenlege løysinga ut frå omsynet til kulturmiljøet, lokale verforhold og bølgjepåverknad. Det er vurdert alternative plasseringar, og Møre og Romsdal fylkeskommune har uttalt at omsøkt plassering i Holmesundet framstår som den best eigna løysinga med tanke på kulturmiljøet og den samla belastninga på området.
Teknisk utval vurderer at omsyna bak byggeforbodet i 100-metersbeltet og kommuneplanen sine føresegner ikkje vert vesentleg tilsidesette ved tiltaket fordi utvalet ser det som naturleg at der vert etablert trygg tilkomst med båt knytt til fritidsbustad på ein holme. Utvalet finn vidare at fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene. Vilkåra for dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19-2 er såleis oppfylte. Det er også lagt vekt på at dispensasjonen er mellombels, og at tiltaket kan fjernast dersom framtidige vurderingar tilseier ei anna løysing som t.d. felles flytebryggeanlegg på holmen.