Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval finn ikkje grunnlag for å kunne gje dispensasjon frå reguleringsplan for etablering av einebustad på areal regulert til tomannsbustad, og for å nytte eksisterande avkøyrsle direkte mot fylkesveg Fløvegen i nord som omsøkt på gnr. 7, bnr. 6.
Utvalet grunngjev avslaget med at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er til stades då omsyna bak reguleringsplanen vil verte vesentleg sett til side ved omsøkte dispensasjonar, jf. plan- og bygningslova § 19-2. Intensjonen med arealformålet «konsentrert småhusbebyggelse» er som det står i planen at arealet er tiltenkt for tofamiliehus, altså tomannsbustadar. Intensjonen med regulert vegområde er å unngå at eksisterande og komande bustadeiningar i felt I skal nytte eksisterande avkøyrsle frå fylkesveg Fløvegen, men heller via ny sambindingsveg ned til kommunalveg Osnesvegen i sør.
Skal tiltaket realiserast som omsøkt, må dette i så fall skje med bakgrunn i ein reguleringsprosess, og ikkje ved dispensasjon.