Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval viser til at gang- og sykkelvegen framleis vert nytta som køyretilkomst og parkering til Stålhaugen 16, trass i avslag på dispensasjonssøknad og vilkår for bruksløyvet, og ønskje om utsett iverksetting av pålegg om retting, jf. vedtak 24/26, datert 28.01.2026. Med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 32-5 ilegg difor teknisk utval tiltakshavar Mimar AS løpande dagsmulkt på 1500 kr gjeldande frå og med 10.07.2026. Mulkta vert gåande til det har blitt utplassert betongblokker som hindrar køyretrafikk med bil, eller annan liknande velfungerande fysisk sperre i nedre del av vegområdet, jf. vedtak 39/26 i teknisk utval møte 16.04.2026. Der skal til ei kvar tid vere høve til å nytte gangvegen til gang- og sykkeltrafikk.
Tvangsmulkta er fastsett som dagsmulkt med formål å få brakt forholdet i samsvar med plan- og bygningslovgivinga. Tvangsmulkta sin storleik er fastsett ut frå brotet sin alvorlegheitsgrad og fordelar tiltakshavar har hatt av brotet. Dagsmulkta vert etter dette rekna å stå i rimeleg