Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval gjev dispensasjon frå strandsonevernet i plan- og bygningslova § 1-8 og deleforbodet i kommuneplanen sin arealdel § 8.1.1 for frådeling av eksisterande bustadtomt, adresse Hasundvegen 84, gnr. 23, bnr. 7 i samsvar med øknaden, jf. plan - og bygningslova § 19-2. Tomtearealet vert på om lag 1350 m2.
Dispensasjonen er grunngjeven med at bustaden ligg etablert i eit område med eksisterande einebustadar, og at frådelinga inneber å skilje ut ein eksisterande bustad. Bustaden ligg slik plassert at frådelinga i liten grad vil påverke strandsonevernet, landbruksdrifta eller omsyna bak LNF-føremålet i kommunepølanen. Frådelinga legg ikkje til rette for nye byggetiltak, og det er ikkje avdekt konflikt med viktige natur-, landskaps- eller friluftsinteresser.
Fordelane ved dispensasjon vert vurderte som større enn ulempene.
Vidare handsaming skjer administrativt i samsvar med søknad datert 10.06.2026.