Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:32 Gildskapsvurdering - Bjørn Gunnar Tafjord (KrF)
Tafjord er næraste nabo og er i slekt med tiltakshavar. Han har derfor også fått nabovarsel og gjeve uttale til denne. På bakrunn av dette stilte han spørsmål til gildskapen sin.
Tilrådinga er at han er ugild.
FOR
6 Berit Roppen Senterpartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik ArbeidarpartietMOT
010:51 Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval kan ikkje sjå at det i klagen frå Sporstøl Arkitekter AS på vedtak i sak nr. 71/26 i teknisk utval, møtedato 02.07.2026, er lagt fram nye og vesentlege opplysningar som ikkje var kjende då utvalet avslo søknaden om dispensasjon frå reguleringsplanen for etablering av einebustad på areal regulert til tomannsbustad, og for å nytte eksisterande avkøyrsle direkte mot fylkesveg Fløvegen i nord som omsøkt på gnr. 7, bnr. 6.
Teknisk utval kan ikkje sjå at utvalet har lagt til grunn feil lovforståing eller at saksutgreiing, vedtak eller grunngjeving er mangelfull.
Teknisk utval opprettheld difor vedtaket i sak nr. 71/26 og står fast på at dersom tiltaket realiserast som omsøkt, må dette i så fall skje med bakgrunn i ein reguleringsprosess, og ikkje ved dispensasjon.
Klagesaka med relevante saksdokument vert dermed sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare handsaming etter reglane i forvaltningslova § 28, jf. plan- og bygningslova § 1-9.