Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
09:45 Gildskapsvurdering - Hans Petter Th. Ulstein (H)
Hans Petter Th. Ulstein er dagleg leiar i eit konkurrerande selskap, og dei har eit eksisterande massedeponi i eit nærliggande område til det som er omsøkt.
Han stiller derfor spørsmål om gildskapen sin.
Tilrådinga er at han er ugild, j.f. fvt. § 6 2. ledd.
FOR
6 Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik ArbeidarpartietMOT
009:53 Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval finn ikkje grunnlag for å kunne gje dispensasjon frå LNF-formålet for etablering av massedeponi på gnr. 30, bnr. 1 ved Dimnøyvegen 674 som omsøkt.
Teknisk utval vurderer at vilkåra for dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19-2 ikkje er oppfylte. Tiltaket omfattar eit omfattande terrenginngrep i eit område avsett til LNF-formål, og store delar av tiltaksområdet ligg på registrert myr og i område med kystlynghei, som er ein utvald naturtype med særskilt vernestatus etter naturmangfaldlova. Området ligg også innanfor omsynssonene landbruk (H510) og kulturlandskap (H550) i kommuneplanen sin arealdel.
Utvalet legg vekt på at omsynet til landbruk, kulturlandskap, myr og naturmangfald vil verte vesentleg tilsidesett dersom dispensasjon vert gjeven.
Vidare er det ikkje dokumentert eit tilstrekkeleg landbruksfagleg behov for tiltaket som kan oppvege dei negative konsekvensane for natur- og landskapsverdiane. Utvalet legg også vekt på at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylk