Hopp til hovudinnhaldet

Kommunedirektøren si tilråding

Formannskapet fastset tomteprisen for bustadtomt i området BFS 4 på Skeide til 1.250 kr/m2 som for tomtene på Skeide elles.

På grunn av at den nordre spissen av tomta gjev litt dårleg arrondering av ei elles stor tomt, finn formannskapet at 200 m2 av tomta får pris tilsvarande tilleggsareal eller areal til stripeerverv på 350 kr/m2, jf. kart vedlagt saka datert 25. august 2026.

Tomta vert annonsert ved kunngjering i media der berre privatpersonar kan søkje. Om ingen søkjer innan fristen, vert den lagt ut for fritt sal.

Midlar til opparbeiding av veg, vassforsyning, avløp m.m. for tomta vert henta frå tomtesalsinntekter i prosjekt nr. 051701 Skeide - tilrettelegging for tomteutbygging.

Behandling

Kommunedirektøren si tilråding:

Votering:

samrøystes vedteke.

Vedtak