Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

19:15 Forslag frå Frp, KrF, Sp, SV, V, Ap, H, INP og UAV

Ulstein kommune gir følgjande høyringsuttale til kommunedelplan for Myrvåg og Dragsund:

  1. Ulstein kommune meiner planforslaget må vurderast i ein regional samanheng og ikkje berre ut frå utviklingsbehov i Herøy kommune.
  2. Ulstein kommune viser til at både handelsanalysen og konsekvensutgreiinga legg til grunn at handelsomlandet omfattar delar av Ulstein kommune, og at planforslaget dermed vil kunne få negative verknader for eksisterande senterstruktur og handel på ytre Sunnmøre.
  3. Ulstein kommune legg til grunn at dei samla regionale konsekvensane for eksisterande sentrum i Fosnavåg og Ulsteinvik vert vurdert grundigare før endeleg planvedtak.
  4. Ulstein kommunestyre vurderar at vilkåra for motsegn etter plan-bygningslova §5-4 er oppfylte. Kommunestyret fremjar motsegn til dei delane av planen som opnar for handels-og tjenesteverksemd innanfor KBA1.
  5. Motsegna kan trekkast dersom Herøy kommune gjennom planføresegner eller andre avgrensingar sikrar at uviklinga i Myrvåg ikkje får regionale handelsfunksjonar som konkurerar med etablerte sentrum i Ulsteinvik og Fosnavåg.
Vedteke

FOR

25
Eldar Knotten Venstre Arve Eldar Flø Uavhengig Kersti Hasund Sosialistisk Venstreparti Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Oddvar Gjerde Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Erlend Eidem Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Egil Ulfstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Knut Erik Engh Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Mariette Gjerde Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Magnar Hatløy Arbeidarpartiet Ivar Mork Arbeidarpartiet Marte Gurskevik Skeide Arbeidarpartiet

MOT

0