Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

18:03 Fråsergn Watten

Ta nynorsken tilbake, Wattn!

Kommunestyret i Ulstein bed Wattn om ta nynorsken tilbake. Wattn er eit selskap med sterke røter på Nord-Vestlandet og med over 100 000 kundar. Selskapet er eigd av kraftselskap som igjen i hovudsak er eigde av nynorskkommunar. For oss som er eigar i eitt av desse kraftselskapa, er det viktig at Wattn er med og tek vare på den språklege identiteten vår, og at dei viser at nynorsk høyrer heime i næringslivet. Det har Wattn tidlegare vist at er fullt mogleg, og me meiner at nynorsk er ein styrke for Wattn.

Det er overraskande og skuffande for oss at Wattn har valt å fjerne nynorsk som språkval i appen og har gått over til bokmål i kommunikasjonen sin. Mange kundar kan ikkje lenger møte tenestene på sitt eige språk. At Wattn har nasjonale ambisjonar, bør ikkje stå i vegen for å ta vare på nynorsken. Tvert imot bør eit selskap som ynskjer å vekse nasjonalt, kunne vise at det er mogleg å vere ein nasjonal aktør som står støtt med røtene planta der ein kjem ifrå. Wattn må vere eit selskap som kundane kjenner seg att i. Då må nynorsk vere ein naturleg del av kommunikasjonen med kundane – også i appen, på nettsidene og i andre digitale og skriftlege kanalar.

Vedteke

FOR

25
Eldar Knotten Venstre Arve Eldar Flø Uavhengig Kersti Hasund Sosialistisk Venstreparti Oddvar Gjerde Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Egil Ulfstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Erlend Eidem Høgre Mariette Gjerde Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Knut Erik Engh Framstegspartiet Magnar Hatløy Arbeidarpartiet Ivar Mork Arbeidarpartiet Marte Gurskevik Skeide Arbeidarpartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet

MOT

0