Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval viser til delegert vedtak TU-DS-139/26, klage datert 14.07.2026 og innsendt dokumentasjon.
Utvalet kan ikkje sjå at det er kome fram nye vesentlege opplysningar som gir grunnlag for å endre vedtaket gjort ved delegert fullmakt. Omsøkt høgdeplassering av bustadhuset er etter utvalet si vurdering ikkje tilstrekkeleg tilpassa terreng og omgivnader, og vil gi ein unødvendig dominerande visuell nær- og fjernverknad, jf. plan- og bygningslova (PBL) §§ 29-2 og 29-4, 1. ledd.
Klagen vert ikkje tatt til følgje. Teknisk utval held fast på vedtak TU DS-139/26.
Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare handsaming etter reglane i forvaltningslova § 28, jf. PBL § 1-9.
Behandling
Hans Petter Th. Ulstein (Høgre) fremja følgjande forslag:
Hans Petter Th. Ulstein har gitt pris på grunnarbeid for selskapet han er dagleg leiar for på dette prosjektet. Han stiller derfor spørsmål om gildskapen sin.
Tilrådinga er at han er ugild i saka, jamfør fvl. § 6 andre ledd.
Votering:
samrøystes vedteke.
Kommunalsjefen si tilråding:
Teknisk utval viser til delegert vedtak TU-DS-139/26, klage datert 14.07.2026 og innsendt dokumentasjon.
Utvalet kan ikkje sjå at det er kome fram nye vesentlege opplysningar som gir grunnlag for å endre vedtaket gjort ved delegert fullmakt. Omsøkt høgdeplassering av bustadhuset er etter utvalet si vurdering ikkje tilstrekkeleg tilpassa terreng og omgivnader, og vil gi ein unødvendig dominerande visuell nær- og fjernverknad, jf. plan- og bygningslova (PBL) §§ 29-2 og 29-4, 1. ledd.
Klagen vert ikkje tatt til følgje. Teknisk utval held fast på vedtak TU DS-139/26.
Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare handsaming etter reglane i forvaltningslova § 28, jf. PBL § 1-9.
Votering:
fallen med 6 mot 1 stemmer.
FOR
Senterpartiet (1/1)
MOT
Arbeidarpartiet (1/1)
Framstegspartiet (2/2)
Høgre (1/1)
Industri- og Næringspartiet (1/1)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Vedtak
Hans Petter Th. Ulstein (Høgre) sitt forslag