Hopp til hovudinnhaldet
01

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Publisert

1.

Kommunestyret tek kunnskapsgrunnlaget gjeldande kommunestruktur for kommunane Herøy, Sande og Ulstein til vitande

2.

Kommunestyret vedtek å gå vidare i prosessen med å vurdere ei mogleg samanslåing av kommunane Herøy, Sande og Ulstein. Innhaldet i neste fase (fase 2) skal vere i samsvar med det som er skissert i saksframlegget. Hovudfokus skal vere:

  • Kommunikasjonsarbeid med formidling av hovudfunn frå utgreiing og høyringar.
  • Koordinerte politiske møte mellom kommunane.
  • Innbyggjarmedverknad gjennom strukturert innbyggjarhøyring og opne møte.
  • Medarbeidarmedverknad gjennom medarbeidarhøyring og involvering av tillitsvalde.
  • Vurdering av behov for eventuelle tilleggsutgreiingar.

3.

Tverrkommunal politisk styringsgruppe får mandat til å samordne prosessen vidare i fase 2 mellom dei tre kommunane.

4.

Kommunestyret sluttar seg til ein tentativ framdriftsplan i fire fasar. Det vil vere politiske avgjerdspunkt ved utgangen av kvar fase, der kommunestyra i dei tre kommunane vedtek om dei vil gå vidare til neste fase.

  • Fase 1: Utgreiing. Ferdig oktober 2026.
  • Fase 2: Analyse og medverknad. November 2026 – februar 2027
  • Fase 3: Forhandling av intensjonsavtale. Mars 2027.
  • Fase 4: Folkerøysting, innbyggarmedverknad og endeleg politisk handsaming. April – juni 2027.

5.

Kommunedirektøren får mynde til å iverksette eventuelle tilleggsutgreiingar i samråd med tverrkommunal politisk styringsgruppe.

6.

Det er ein føresetnad for gjennomføring at kostnadene vert finansierte fullt ut gjennom eksterne tilskot, og at tiltaka ikkje medfører auka netto kostnader for kommunane.

7.

Kommunestyret meiner at staten må ta eit tydeleg ansvar for å leggje til rette for frivillige kommunesamanslåingar gjennom gode, føreseielege og langsiktige insentivordningar. Ordningane bør både dekkje nødvendige eingongskostnader ved sjølve samanslåinga, og sikre økonomisk handlingsrom som reduserer risiko og gir føresetnader for å realisere ein økonomisk gevinst i eit langsiktig perspektiv.

Vedlegg

Les meir expand_more
01

Formannskapet 13.10.2026

Innstilling Behandlet

1.

Kommunestyret tek kunnskapsgrunnlaget gjeldande kommunestruktur for kommunane Herøy, Sande og Ulstein til vitende

02

Forslag frå Frp

Forslag På vegner av Framstegspartiet Behandlet

Ulstein kommunestyret vedtek å ikkje gå vidare i prosessen om ei mogleg samanslåing av kommunane Herøy, Sande og Ulstein. Ulstein kommunestyret meiner det ikkje er føremålstenleg å gå vidare med prosessen. Ein stor del av gevinstane er allereie realiserte gjennom interkommunalt samarbeid. Ulstein kommune har god kontroll på samfunnsutviklinga og økonomien, og tilbyr gode tenester til innbyggjarane. Ved ei kommunesamanslåing er det risiko for at kvaliteten på tenestene kan verte svekt.

Ulstein kommune vil ha avgrensa gevinstar ved ei samanslåing med Herøy og Sande. Det går fram av rapporten at ei samanslåing ikkje i seg sjølv vil løyse utfordringane knytte til demografi, tilgang på arbeidskraft og økonomisk berekraft, men at ho kan endre føresetnadene for å møte desse utfordringane. Ulstein kommunestyre meiner at desse utfordringane kan møtast gjennom vidare interkommunalt samarbeid mellom Hareid, Herøy, Sande og Ulstein.

Vedlegg

Les meir expand_more