Resultat av votering

24/675 - Detaljregulering for Sportshall Hasundgot IL - 1. gongs offentleg ettersyn

Votering er ferdig i denne saka.

11:10 Spørsmål om gildskap

Hans Petter Th. Ulstein stiller spørsmål om gildskap i saka då han er dagleg leiar i Nordberg AS og eig majoriteten av aksjane i selskapet. Nord-Berg AS har gitt pris på grunnarbeidet til sportshallen, men det ikkje er avklart om selskapet vil få oppdraget.

Tilråding: Ulstein er ugild jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd.

Vedteke

FOR

6
Bård Emil Ødegård Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristelig Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Stig Ole Borgundvåg Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Fremskrittspartiet

MOT

0

11:12 Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval set krav om at planområdet vert utvida for å gje tilstrekkjeleg plass til overvassgrøft som i planen vert å vise som teknisk infrastrukturtiltak, jf. plan- og bygningslova § 12-5 nr. 2, Tiltaket må skildrast i reguleringsføresegnene.

Etter at endringa over er innarbeidd i plandokumenta, vert framlegget til detaljregulering av Sportshall for Hasundgot IL, planID 20230001 lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med pbl § 12-10.

Planframlegget skal ligge ute til offentleg ettersyn i seks veker frå kunngjeringsdato.

Vedteke

FOR

6
Bård Emil Ødegård Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristelig Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Stig Ole Borgundvåg Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Fremskrittspartiet

MOT

0