Forslag

24/675 - Detaljregulering for Sportshall Hasundgot IL - 1. gongs offentleg ettersyn

01
Spørsmål om gildskap
Forslag
Behandlet

Hans Petter Th. Ulstein stiller spørsmål om gildskap i saka då han er dagleg leiar i Nordberg AS og eig majoriteten av aksjane i selskapet. Nord-Berg AS har gitt pris på grunnarbeidet til sportshallen, men det ikkje er avklart om selskapet vil få oppdraget.

Tilråding: Ulstein er ugild jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd.

Vedlegg

Les meir
02
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

Teknisk utval set krav om at planområdet vert utvida for å gje tilstrekkjeleg plass til overvassgrøft som i planen vert å vise som teknisk infrastrukturtiltak, jf. plan- og bygningslova § 12-5 nr. 2, Tiltaket må skildrast i reguleringsføresegnene.

Etter at endringa over er innarbeidd i plandokumenta, vert framlegget til detaljregulering av Sportshall for Hasundgot IL, planID 20230001 lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med pbl § 12-10.

Planframlegget skal ligge ute til offentleg ettersyn i seks veker frå kunngjeringsdato.

Vedlegg

Les meir