Berit Overvåg Hjorth stiller spørsmål om gildskap då ho er nær ven med ein av majoritetseigarane av aksjane (utan stemmerett) i selskapet Ulstein Kulen AS. Som følgje av sitt nære vennskap har ho også ei tett tilknyting til Steinar Kulen som eig dei resten av aksjane i selskapet (med stemmerett). Ulstein Kulen AS eig 16,67 % av aksjane i forslagsstillar Nesevegen Eigedom AS. Nesevegen Eigedom AS eig majoriteten (51,097 %) av aksjane i tiltakshavar i prosjektet, Hatløy Holding AS.
Fleirtalet i kommunestyret vedtok at Hjorth var ugild til å behandle vedtaket det no er klaga på.
Tilråding: Hjorth er ugild jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd.
Hans Petter Th. Ulstein stiller spørsmål om gildskap då han sat i styret for UEKF og UFAS saman med Frede Uldbæk.
Tilråding: Ikkje ugild jamfør forvaltningslova § 6 første ledd.
Teknisk utval syner til at det i klagene, ikkje kjem fram nye vesentlege moment som ikkje var kjende eller vurderte då kommunestyret vedtok detaljreguleringsplan for Mylna, planid 20210002.
Teknisk utval finn ikkje grunnlag for å ta klagene på kommunestyret sitt vedtak i sak 75/23 til fylgje. Klagene med relevante dokument i saka vert å sende over til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare handsaming i samsvar med reglane i forvaltningsloven kapittel VI, jf. plan- og bygningsloven (pbl) §§ 12-12 og 1-9.