Hopp til hovudinnhaldet

Prisfastsetting av grunn på området ved Mylna

01

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Behandlet

Formannskapet godkjenner at Nesevegen Eigedom as får kjøpe naudsynt grunn av Ulstein kommune til å realisere Mylna-prosjektet i samsvar med detaljreguleringsplanen for området.

For areal regulert til bustad, kombinert næring/bustad og leikeplass, set formannskapet grunnprisen til 1.750 kr/m2.

For areal til vegføremål og kaipromenade, meiner formannskapet at prisen skal setjast til 0 kr/m2 fordi det er gammal veggrunn eller areal som kommunen skal ta over drifts- og vedlikehaldsansvaret for.

Ordføraren får fullmakt til å inngå grunnavtale og gjere mindre justeringar i høve det som går fram i dette vedtaket.

Formannskapet tek i dette vedtaket alle atterhald i forhold til klagehandsaminga av detaljregulering for Mylna.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå S. S. Scheide (H)

Forslag Behandlet

Formannskapet godkjenner at Nesevegen Eigedom as får kjøpe naudsynt grunn av Ulstein kommune til å realisere Mylna-prosjektet i samsvar med detaljreguleringsplanen for området.

For areal regulert til bustad, kombinert næring/bustad og leikeplass, set formannskapet grunnprisen til 1.750 kr/m 2 .

For areal til vegføremål meiner formannskapet at prisen skal setjast til 0 kr/m2 fordi det er gammal veggrunn.

Ordføraren får fullmakt til å inngå grunnavtale og gjere mindre justeringar i høve det som går fram i dette vedtaket. Formannskapet tek i dette vedtaket alle atterhald i forhold til klagehandsaminga av detaljregulering for Mylna.

Vedlegg

Les meir expand_more