Forslag

Grunnlag for avtalar med småbåtlaga i kommunen

01
Kommunedirektøren si tilråding
Innstilling
Behandlet

Formannskapet står fast på vedtaket i kommunestyret i 2014, sak nr. 14/25, og vidarefører desse prinsippa for leigeavtalar med småbåtlaga i kommunen:

1. Leigeperioden er i utgangspunktet på 10 år med høve til reforhandling etter 5 år om ein av partane krev det.

2. Areal- og eigedomsmessig ansvarsavklaring skal framgå av avtalane.

3. Arleg leigesum skal vere 675 kroner pr. båtplass. For hamner som har eller som får auka sin kapasitet til over 100 plassar, vert satsen for plassane frå nr. 100 og oppover redusert til 542 kroner årleg. Leigesummane skal indeksregulerast årleg etter konsumprisindeksen med startdato 01.01.2024.

4. Viktige tekniske installasjonar må skildrast i avtalane.

5. Eventuell vasstilknyting må avklarast.

6. Eventuell endring i tal på båtplassar skal meldast til kommunen innan 31.12. i det aktuelle året for endring.

7. Rutinar for orden, reinhald og renovasjon skal inkluderast. Kvar hamn skal ha ei avfallsordning med behaldar for forbruksavfall, og avtale med renovatør for tøming. Om kommunen i avtaleperioden skulle kome til at avfallsløysinga ikkje er tilstrekkeleg eller det kjem skjerpa krav frå sentrale eller regionale mynde, må dette bli teke opp for seg.

8. Det er ikkje høve til å reservere båtplassar berre til folk med adresse innanfor eit nærare definert område.

9. Ordføraren får fullmakt til å inngå avtalane basert på desse prinsippa.

Andre relevante moment for den einskilde hamn skal elles innarbeidast i avtalane.

Dei årlege leigeinntektene skal tilførast driftsbudsjettet for hamn, ansvar 5105 hamnekassa.

Vedlegg

Les meir