Resultat av votering

Lokal forskrift om bandtvang i Ulstein

Votering er ferdig i denne saka.

13:44 Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval ser ikkje at det pr. i dag er behov for å innføre lokal forskrift om bandtvang i Ulstein kommune.

Utvalet viser særskilt til den faglege uttalen frå avdelingsleiar landbruk som rår til at det bør settast opp fleire informasjonsskilt om normal bandtvangstid etter gjeldande hundelov (1. april - 20. august) før eventuell innføring av lokal forskrift. Utvalet legg også vekt på at Hareid kommune ikkje ønskjer å gå i prosess med Ulstein kommune om utarbeiding av felles forskrift. Dermed vert handheving av eventuell lokal forskrift i Ulstein i grenseområda mot Hareid utfordrande.

Teknisk utval gjev administrasjonen mynde til å utforme skilt om gjeldande reglar for bandtvang og utplassere desse i tilknyting til dei viktigaste utfartsstadane og turområda i kommunen. Skilta kan sjå ut omlag som synt på eige vedlegg.

Teknisk utval legg vedtaket ut til offentleg ettersyn i minst fire veker og sender den på høyring til aktuelle lag, organisasjonar og interessentar før saka vert handsama i kommunestyret.

Vedteke

FOR

7
Gunn-Lise Voldsund Senterpartiet Sama Haify Kristelig Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0