← Tilbake

Sak PS 28/24 - Søknad om dispensasjon - Sanitæranlegg - Osnessanden - Gnr 7 bnr 647

01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

Teknisk utval gjev dispensasjon frå reguleringsplanen, jf. plan- og bygningslova (pbl) § 19-2, for plassering av sanitæranlegg på gnr. 7, bnr. 647 på areal regulert til offentleg parkeringsplass som omsøkt.

Dispensasjonen vert gjeven då omsyna som ligg til grunn for arealformålet ikkje vert sett vesentleg til side, og fordelane synest å vere klart større enn ulempene. Det er vektlagt at anlegget vert mindre eksponert frå sjø- og strandsida og vil framstå som ein meir naturleg og integrert del av både kyrkjegardsområdet og parkeringsplassen. Vidare er det eit moment at regulert areal for sanitæranlegget ligg på eit plant, grasdekt areal som har ein verdi til rekreasjon og siktsone mot sjøen. Ein meir tilbaketrekt plassering på parkeringsområdet vil gje betre tilhøve for kombinert bruk av sanitæranlegget for dei som skal på gravplassen i tillegg til brukarar av strandområdet.

Plan- og bygningsavdelinga får mynde til handsame ordinær byggesøknad etter pbl § 20-3. Denne må vere godkjent før arbeidet kan ta til.

Vedlegg

Les meir