I medhald av § 12-14 i pbl og delegasjonsreglementet for Ulstein kommune, vedteke av Ulstein kommunestyre 25.03.2021, godkjenner teknisk utval mindre endring av reguleringsplan for Saunes, planID 20100007, som synt på plankart og føresegner sist revidert 20.02.2024.
Rekkjefølgjekrav i føresegnene fordrar endring av kryssløysing for Glopenkrysset. Dette krev mindre endring av detaljregulering for Glopen-Nesevegen, planID 20040007 og detaljregulering for Indre Saunes, endring/utviding, planID 20050010. Endringane kan gjennomførast som administrative endringar.