Forslag

Dispensasjon for plassering av skateutstyr på Vikholmenområdet

01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

Teknisk utval gjev dispensasjon frå reguleringsføremålet parkering for plassering av skateutstyr på parkeringsplassen vest for Vikholmen park, arealomfang om lag 250 m2 som vist på kart alternativ 1 datert 10.01.2024, jf. plan- og bygningslova § 19-2.

Grunngjevinga for at dispensasjon kan gjevast er at samla grøntareal/parkareal ikkje vert redusert, og at parkeringskapasiteten på området likevel vil vere stor. Teknisk utval slår fast at dispensasjon som omsøkt etter begge alternativ ikkje vil setje til side planføremåla, formålspragrafen i plan- og bygningslova, nasjonale eller regionale interesser.

Utvalet ser at der kan vere visse ulemper for festivalarrangørar og andre brukarar av plassen ved å plassere skateutyret vest for parken, jf. innkomen merknad, men vurderer desse ulempene til å vere mindre enn fordelane flyttinga vil gje for eigarane og brukarane av Aktivitetshuset på Vikholmen.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå H. P. T. Ulstein (H)
Forslag
Behandlet

Teknisk utval gjev dispensasjon frå reguleringsføremålet parkering for plassering av skateutstyr på parkeringsplassen vest for Vikholmen park, arealomfang om lag 250 m2 som vist på kart alternativ 2 datert 10.01.2024, jf. plan- og bygningslova § 19-2.

Utvalet ser at der kan vere visse fordelar for festivalarrangørar og andre brukarar av plassen ved å plassere skateutyret som alternativ 2 vest for parken, men vurderer desse ulempene til å vere mindre enn fordelane flyttinga vil gje for eigarane og brukarane av Aktivitetshuset på Vikholmen.

Vedlegg

Les meir