Teknisk utval gjev dispensasjon frå deleforbodet i LNF-område, jf. plan- og bygningslova (pbl) § 19-2.
Med heimel i Jordlova § 9 gir Ulstein kommune dispensasjon til å omdisponere inntil 1 dekar fulldyrka jord til bustadføremål slik det er søkt om.
Dispensasjon vert gjeven då omsyna som ligg til grunn for deleforbodet vert ikkje sett vesentleg til side, og fordelane synest å vere klart større enn ulempene. Det er avgjerande at samla areal for nydyrking vert større, og at det arronderingsmessig vil gje ei driftsforbetring i høve slik området framstår i dag. Det er også vektlagt at det vil vere ein fordel å samordne plasseringane av bustadhusa på nordsida av gardsvegen, både av landskapsmessige og praktiske grunnar.
Teknisk utval set følgjande vilkår for dispensasjonen:
1. Utvida avkøyrsleløyve frå fylkesvegen må ligge føre frå fylkeskommunen.
2. Den framtidige bustaden skal tilknytast kommunalt vassforsyning og avløp, og det må ligge føre samtykke til legging av VA-leidningar over gnr. 5, bnr. 11.
3. Parsellen med 580 m2 på gnr. 5, bnr. 26 skal samanføyast med gnr. 5, bnr. 11.
4. Husmurane på gnr. 5, bnr. 26 skal fjernast og arealet ved den gamle garasjetomta på gnr. 5, bnr. 11 skal ryddast/klargjerast for planering.
5. Arealet tilknytt parsellen gnr. 5, bnr. 26 og den gamle garasjetomta på gnr. 5, bnr. 11, jf. gardskart datert 04.01.2024, skal planerast og nydyrkast i samsvar med godkjent plan for nydyrking.
Vilkår nr. 1 og 2 skal dokumenterast ved søknad om byggeløyve for det nye bustadhuset.
Vilkår nr. 3 og 4 skal vere dokumentert utført seinast ved søknad om deling etter pbl § 20-1 bokstav m og matrikkellova § 33 og 34.
Vilkår nr. 5 skal vere utført og godkjent av landbrukskontoret seinast ved søknad om mellombels bruksløyve for det nye bustadhuset.
Frådelingssaka kan vidare handsamast administrativt.