Resultat av votering

Handsaming av klage - Overtredingsgebyr for anleggsveg i strandsona - Oshaugen - gnr 7 bnr 432

Votering er ferdig i denne saka.

13:47 Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval kan ikkje sjå at det i klagen frå Fido AS v/Hogne Varholm på vedtak nr. 09/24 i teknisk utval, møtedato 25.01.2024, er lagt fram nye og vesentlege opplysningar som ikkje var kjende då utvalet gav overtredingsgebyr på kr 50 000 til Fido AS og kr 10 000 til Øyvin Sønnesyn for etablering av anleggsveg og tilføring av stein- og jordmassar i strid med strandsonevernet i plan- og bygningslova (pbl) § 1-8, regulert friområde og søknadsplikta i pbl § 20-1.

Teknisk utval opprettheld difor vedtak nr. 09/24 i sin heilskap med vising til at tiltaket har brote med fleire sentrale føresegner i plan- og bygningslovgjevinga. Entreprenøren burde ha forstått at det utførte arbeidet var søknadspliktig, og det framstår som skjerpande at dette er arbeid i strandsona der ein skal utøve særskilt varsemd, jf. pbl § 1-8. Teknisk utval meiner difor at handlingane overtredingsgebyra gjeld har vore aktlause.

Teknisk utval står fast på at overtredingsgebyret på kr 50 000 til foretaket Fido AS, org.nr. 922 090 114 er korrekt då utført tiltak ikkje i det vesentlege er i samsvar med krav gjeve i eller med heimel i pbl, jf. SAK10 § 16-1 bokstav c nr. 2.

Klagesaka med relevante saksdokument vert dermed sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare handsaming etter reglane i forvaltningslova § 28, jf. plan- og bygningslova § 1-9. 

Vedteke

FOR

7
Gunn-Lise Voldsund Senterpartiet Sama Haify Kristelig Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0