1. Delegerings- og innstillingsreglement for Ulstein kommune vert vedteke slik det går fram av KF Delegering sin database:
https://delegering.kf.no/delegering/politician/7057dde4-aa20-42ac-bc01-f33ec75454a8
2. Reglementet trer i kraft straks.
3. Kommunedirektøren skal sørge for tenlege rutinar for oppdatering av delegeringsreglementet.
Endringar eller ny delegering frå kommunestyret til andre politiske organ eller til kommunedirektør skal behandlast av kommunestyret.
Endringar i kommunedirektøren si interne delegering av mynde krev ikkje nytt vedtak i kommunestyret.
Kommunedirektøren har mynde til å gjere redaksjonelle endringar i reglementet.
4. Viltnemnda og namnenemnda endrar namn til viltutvalet og namneutvalet. Politisk reglement vert oppdatert i samsvar med denne endringa.