Forslag

Barnehageplassar i Ulstein

01
Endringsforslag frå H. Notøy (Ap)
Endringsforslag
Behandlet

Avsnitt 1: Tre siste setningane vert strokne.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå S. S. Scheide (H)
Forslag
Behandlet

Når kommunen legg til rette for barnehageplassar, må ein mellom anna ta omsyn til barnetal, tilflytting, areal tilrettelagt for bustadar, og brukarane sine prioriteringar. Det er stort behov for arbeidskraft i næringslivet i kommunen vår, og i dette perspektivet er tilbod om barnehageplass og god nok barnehagedekning ein viktig faktor.

Kommunestyret ber kommunedirektøren kartlegge alternativ og anslå kostnadsrammer for alternativ auka kapasitet innafor barnehage området. Saka skal fram til kommunestyret i juni møte slik at tiltak kan vurderast i 10-årig investeringsplan.

Vedlegg

Les meir
03
Kommunedirektøren si tilråding
Innstilling
Behandlet

Når kommunen legg til rette for barnehageplassar, må ein mellom anna ta omsyn til barnetal, tilflytting, areal tilrettelagt for bustadar, og brukarane sine prioriteringar. Høg kompetanse i befolkninga vert vurdert som ein føresetnad for å oppnå positiv utvikling av lokalsamfunnet. Ulstein har ei befolkning med relativt høgt utdanningsnivå i vårt fylke, og vi må rekruttere og halde på slik arbeidskraft for framtida, slik at kommunen og regionen skal kunne utvikle seg vidare. I dette perspektivet er tilbod om barnehageplass og god nok barnehagedekning ein viktig faktor.

Kommunestyret ber kommunedirektøren kartlegge alternativ og anslå kostnadsrammer for alternativ auka kapasitet innafor barnehage området. Saka skal fram til kommunestyret i juni møte slik at tiltak kan vurderast i 10-årig investeringsplan.

Vedlegg

Les meir