Formannskapet viser til sitt vedtak i sak nr. 12/112 den 11.09.2012.
Formannskapet ønskjer ikkje at kjøp og sal av grunn som kommunen er involvert i skal vere prisdrivande for marknaden knytt til grunnkjøp og -sal, og legg difor ikkje opp til å følgje konsumprisindeks eller byggekostnadsindeks frå 2012, jf. elles rettspraksis for prisfastsetting av stripeerverv.
Formannskapet gjev administrasjonen følgjande retningslinjer for prisfastsetting ved kjøp og sal av grunn:
1. Ved kommunalt kjøp og sal av mindre areal og stripeerverv til bustadføremål i Ulsteinvik krins, vert prisen på om lag kr 350 pr. m2. Dette skal vere utgangspunktet også ved kjøp av liknande restareal til andre føremål.
2. Sal eller kjøp av areal i sentrumskjernen av Ulsteinvik må vurderast frå sak til sak der både plassering, dekke, tekniske anlegg og standard på området vert tillagt vekt.
3. I kommunen utanom Ulsteinvik krins og Skeide vert gjeldande prispolitikk vidareført, jf. saksutgreiinga.