Ulstein kommunestyre gjev dispensasjon frå reguleringsføremålet parkering for plassering av skateutstyr på parkeringsplassen vest for Vikholmen park, arealomfang om lag 250 m
2
som vist på kart alternativ 1 datert 10.01.2024, jf. plan- og bygningslova § 19-2.
Grunngjevinga for at dispensasjon kan gjevast er at samla grøntareal/parkareal ikkje vert redusert, og at parkeringskapasiteten på området likevel vil vere stor. Kommunestyret slår fast at dispensasjon som omsøkt etter begge alternativ ikkje vil setje til side planføremåla, formålspragrafen i plan- og bygningslova, nasjonale eller regionale interesser.
Kommunestyret ser at der kan vere visse ulemper for festivalarrangørar og andre brukarar av plassen ved å plassere skateutyret vest for parken, jf. innkomen merknad, men vurderer desse ulempene til å vere mindre enn fordelane flyttinga vil gje for eigarane og brukarane av Aktivitetshuset på Vikholmen.
Teknisk utval gjev dispensasjon frå reguleringsføremålet parkering for plassering av skateutstyr på parkeringsplassen vest for Vikholmen park, arealomfang om lag 250 m2 som vist på kart alternativ 2 datert 10.01.2024, jf. plan- og bygningslova § 19-2.
Utvalet ser at der kan vere visse fordelar for festivalarrangørar og andre brukarar av plassen ved å plassere skateutyret som alternativ 2 vest for parken, men vurderer desse ulempene til å vere mindre enn fordelane flyttinga vil gje for eigarane og brukarane av Aktivitetshuset på Vikholmen.
Teknisk utval gjev dispensasjon frå reguleringsføremålet parkering for plassering av skateutstyr på parkeringsplassen vest for Vikholmen park, arealomfang om lag 250 m
2
som vist på kart alternativ 1 datert 10.01.2024, jf. plan- og bygningslova § 19-2.
Grunngjevinga for at dispensasjon kan gjevast er at samla grøntareal/parkareal ikkje vert redusert, og at parkeringskapasiteten på området likevel vil vere stor. Teknisk utval slår fast at dispensasjon som omsøkt etter begge alternativ ikkje vil setje til side planføremåla, formålspragrafen i plan- og bygningslova, nasjonale eller regionale interesser.
Utvalet ser at der kan vere visse ulemper for festivalarrangørar og andre brukarar av plassen ved å plassere skateutyret vest for parken, jf. innkomen merknad, men vurderer desse ulempene til å vere mindre enn fordelane flyttinga vil gje for eigarane og brukarane av Aktivitetshuset på Vikholmen.
For ungdomsrådet er det viktig at flyttinga ikkje går utover frisbee-bana og parken på Vikholmen.
Elevrådet ved Ulstein ungdomsskule hadde oppe sak om plassering av skateparken ved kunstgrasbana ved Ulstein ungdomsskule. Er denne plasseringa utgreia?
Ungdomsrådet ynskjer samtidig å signalisere at det også er eit stort ønske for ein plass som er lagt til rette for bading i sentrumsområdet (for ungdom), gjerne i same område som skatepark og park ved Vikholmen, eller i anna sentrumsnært område.