Hans Petter Thoresen Ulstein vert kjend ugild jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd.
Bakgrunnen er at Ulstein er dagleg leiar og majoritetseigar i selskapet Nord-Berg AS, som har gitt pris på grunnarbeidet til sportshallen. Det er ikkje avklart om selskapet vil få oppdraget.
Mariette Gjerde vert kjend ugild i saka jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd.
Bakgrunnen er at bror til Mariette Gjerde er styreleiar i Hasundgot IL.
Ulstein kommune gir honnør til den store frivillige innsatsen som Hasundgot IL gjere og støtter idrettslaget i realiseringa av anlegget.
Ulstein kommune forskotterer spelemidlar og mva kompensasjon på inntil 9 mill kr, knytt til bygging av Hasundgot IL sin fotballhall i Sundgotmarka. Det er eit krav at midlane utan opphald vert tilbakebetalt kommunen, når Idrettslaget får desse midlane utbetalt. Kostnaden for forskoteringa på omlag 450.000 kr første året, og 190.000 kr/år dei påfølgjande to - tre åra, vert å innarbeide i økonomiplanen for 2025 - 2028. Ulstein kommune kan ta opp inntil 9 millionar kroner i lån til forskotering av spelemidlar og mva kompensasjon.
Ulstein kommune stiller sjølvskyldnarkausjon knytt til bygging av Hasundgot IL sin fotballhall i Sundgotmarka. Garantibeløpet er på inntil 12 520 000 kroner med tillegg av 10 %, maksimalt kr 13 772 000. Tidramme for garantien er 30 år med tillegg av 3 år, maksimalt 33 år. Garantien vert redusert i takt med nedbetaling av lånet. Det skal være årleg nedbetaling på lånet etter ein fastsett plan. Denne planen vert utarbeidd når prosjektet er ferdigstilt og reelt låneopptak er avklart, jf. finansieringsplan.
Kommunen tek pant i eigedomen for garantibeløpet dersom långjevar ikkje krev slik pant.
Det er ein føresetnad for vedtaket om garanti at det vert godkjent av statsforvaltaren.