Hopp til hovudinnhaldet

Høyringssvar - Inkorporering av CRPD i norsk lov

01

Tilråding

Innstilling Behandlet

Høyringa vert lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Vedtak frå fellesrådet

Forslag Behandlet

Rådet ber formannskapet vedta fylgjande høyringssvar eller som førande prinsipp i sitt høyringssvar:

Det er no 18 år sidan CRPD blei vedteken i FN, og 11 år sidan Noreg ratifserte den. Noreg må anerkjenne funskjonshindra sine menneskerettar, på lik linje med alle andre menneskerettar.

Hovudargumentet for å inkorporere konvensjonen i menneskerettslova er den klare signalverdien om politisk og rettsleg status for konvensjonen som dette vil gje. Dette er i tråd med verdiane i Ulstein kommune.

Konvensjoen har ikkje som mål å gje nye menneskerettar for funksjonshemma, men avklare innhaldet i eksisterande menneskerettar. Den peikar særleg på kva staten må gjere for at rettane skal bli verkeleggjort for funksjonshemma på lik linje med andre. Kommunen støttar at det er naturleg at FN`s kjernekonvensjonar må likebehandlast i norsk rett, og at CRPD bør inkorporerast i menneskerettslova.

Vedlegg

Les meir expand_more