Hopp til hovudinnhaldet

Kommunedirektøren si tilråding

Kommunestyret går inn for å etablere framtidig gravplass på Oshaugflata, gnr. 7, bnr. 3, bnr. 819 m.fl., jf. kart datert 17.02.2022. Området er høveleg ut frå storleik, arrondering og plassering nær eksisterande gravplass og driftsanlegg. 

Kommunestyret viser også til at forholdet til kulturminne i grunnen på Oshaugflata i hovudsak vart avklara i prosessen med gjeldande arealdel til kommuneplanen.

 

Fylkeskommunen har i møte med kommunen klargjort at det av omsyn til kulturminne og jordvern vil bli frigjeve areal til gravplass på Oshaugflata, medan det er lite sannsynleg at arealet vil kunne nyttast til bustadføremål. Sjølv om jordvernspørsmålet ikkje er avklara med Statsforvaltaren, meiner kommunestyret likevel at kommunen har større tryggleik for å kome i mål med eit reguleringsplanarbeid til gravplass på Oshaugflata enn for alternativet på Flotane og dei to på Hasund .

 

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å starte opp reguleringsarbeid for gravplass på Oshaugflata etter reglane i plan- og bygningslova. 

 

 

Kommunestyret vil medverke til å auke prosentdelen av kremasjon med tilhøyrande bruk av urnegraver og namna minnelund på kort og lang sikt. Kommunestyret signaliserer difor at det i økonomiplanfperioden 2025 - 28 vert innarbeidd eit subsidieringstiltak for å stimulere til at kremasjonsdelen aukar vesentleg i denne perioden.