Ulstein kommunestyret er kjent med at det er usikre faktorar knytt til alle alternativa; innføre Helseplattformen, utsetje innføring av Helseplattformen, seie nei til Helseplattformen og delta i eventuelle framtidige anbodskonkurransar om andre digitale system i helse- og omsorgstenesta.
Ulstein kommune inngår ikkje tenesteavtale med Helseplattformen AS no. Det inneber at opsjonsavtalen med Helseplattformen AS ikkje er sagt opp, og at Ulstein kommune inntil vidare held fram med bruken av Gerica i pleie og omsorg og HSpro i helsestasjon.
Kommunedirektøren vert beden om å følgje med i marknaden og ta del i faglege nettverk knytt til utvikling av digitale system i helse- og omsorgstenesta. Ressursar til ekstra utgifter med vidareføring av dagens system, til grunnleggjande IT-opplæring og førebuande tiltak for å ha beslutningsgrunnlag om val av tidsmessige digitale system i helse- og omsorgstenestene, vert å innarbeide i budsjettkorrigering og i budsjett- og økonomiplan for 2025 - 2028.
Spørsmålet om Ulstein kommune skal slutte seg til Helseplattformen eller velje andre løysingar vert å handsame i eiga sak når nærare avklaringar som m.a peikt på i saksutgreiinga ligg føre. Kommunestyret vil i mellomtida be Helseplattformen AS leggje fram uavhengig dokumentasjon på at systemet tilfredsstiller gjeldande lovverk, samt dei standardarar og krav som er stilt til funksjonalitet i kravspesifikasjonen ved kjøp av systemet.
Kommunestyret ber kommunedirektøren innarbeide dei estimerte kjente kostnadene for innføring og drift av Helseplattforma i økonomiplanperioden 2025 – 2028.
Likelydande med kommunedirektøren si tilråding.
Likelydande med kommunedirektøren si tilråding.