Dagsturhytte i Ulstein
Levekårsutvalet 15. mai 2024
Likelydande med kommunedirektøren si tilråding.
Vedlegg
Kommunedirektøren si tilråding
Ulstein kommunestyre er positive til etablering av ei dagsturhytte, gitt at kommunen får tilskot på 300.000 kr til prosjektet.
Kommunestyret ber administrasjonen arbeide vidare med plassering og fullfinansiering av dagsturhytta. Dette vert å legge fram i eiga sak i løpet av hausten 2024.
Vedlegg
Fellesrådet 14. mai 2024

Administasjonen bør etterstrebe at flest mogleg av dagsturhyttene blir plasserast slik at ein sikrar universell tilrettelagt tilkomst slik at flest mogleg kan nytte seg av tilbodet.
Vedlegg
Ungdomsrådet 14. mai 2024
Ungdomsrådet ser positivt på planane om dagsturhytte. Nynorske bøker plassert i eit lite bibliotek der er veldig bra. Dei ynskjer at det inkluderer bøker med ungdom som målgruppe. Ungdomsrådet ser også for seg at det vil vere positivt om det er mogleg å kjøpe seg noko å drikke i hytta, til dømes eit kjøleskap med mineralvatn og betaling med Vipps.