Resultat av votering

Fornying av gjeldande sals- og skjenkeløyve

Votering er ferdig i denne saka.

20:46 Spørsmål om gildskap - Kjell Egil Barstad (Frp)

Tilråding: Barstad vert kjent ugild.

Bakgrunn: Han er styreleiar i Stiftinga MS Hindholmen som har skjenkeløyve, og er elles styrar for løyvet. Spørsmålet om forlenging av løyve vil ha direkte verknader for stiftinga.  

Vi legg til grunn at stiftinga er «part» i sak om forlenging av løyve, jf. forvaltningslova § 6 første ledd bokstav e.

Samrøystes vedteke

20:49 Kommunedirektøren si tilråding

Gjeldande sals- og skjenkeløyve i Ulstein kommune skal ikkje opphøyre, men skal gjelde vidare i ei periode på inntil fire nye år og med opphøyr seinast 30. september 2028, jf. alkohollova § 1-6 tredje avsnitt. Det er ein føresetnad for vedtaket om slik fornying, at: 

 

  • Sals- og skjenkestaden ikkje har meir enn åtte prikkar dei siste to åra.

    • Løyvehavar og personar med vesentleg innflyting på verksemda oppfyller kravet til uklanderleg vandel etter alkohollova § 1-7b. 

      • Styrar og vara for styrar oppfyller kravet til uklanderleg vandel etter alkohollova § 1-7c.

        • Sal- eller skjenkestaden ikkje ønskjer endringar i eksisterande løyve.

           

          Kommunedirektøren får mynde til å treffe enkeltvedtak om slik fornying for kvart enkelt sals- og skjenkeløyve i samsvar med gjeldande løyve og alkoholpolitisk handlingsplan for 2024-2028. Dersom føresetnadane for fornying av løyve ikkje er oppfylt må løyvehavar sende ny søknad om løyve.

          Vedteke

          FOR

          25
          Eldar Knotten Venstre Morten Feiring Sosialistisk Venstreparti Oddvar Gjerde Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Evlinn Moldskred Kleppe Konservativt Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Egil Ulfstein Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Knut Erik Engh Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Linda Kjellevold Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Mariette Gjerde Framstegspartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Ivar Mork Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

          MOT

          0