Hopp til hovudinnhaldet

Fornying av gjeldande sals- og skjenkeløyve

01

Spørsmål om gildskap - Kjell Egil Barstad (Frp)

Innstilling Behandlet

Tilråding: Barstad vert kjent ugild.

Bakgrunn: Han er styreleiar i Stiftinga MS Hindholmen som har skjenkeløyve, og er elles styrar for løyvet. Spørsmålet om forlenging av løyve vil ha direkte verknader for stiftinga.  

Vi legg til grunn at stiftinga er «part» i sak om forlenging av løyve, jf. forvaltningslova § 6 første ledd bokstav e.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Behandlet

Gjeldande sals- og skjenkeløyve i Ulstein kommune skal ikkje opphøyre, men skal gjelde vidare i ei periode på inntil fire nye år og med opphøyr seinast 30. september 2028, jf. alkohollova § 1-6 tredje avsnitt. Det er ein føresetnad for vedtaket om slik fornying, at: 

 

  • Sals- og skjenkestaden ikkje har meir enn åtte prikkar dei siste to åra.
    • Løyvehavar og personar med vesentleg innflyting på verksemda oppfyller kravet til uklanderleg vandel etter alkohollova § 1-7b. 
      • Styrar og vara for styrar oppfyller kravet til uklanderleg vandel etter alkohollova § 1-7c.
        • Sal- eller skjenkestaden ikkje ønskjer endringar i eksisterande løyve.

           

          Kommunedirektøren får mynde til å treffe enkeltvedtak om slik fornying for kvart enkelt sals- og skjenkeløyve i samsvar med gjeldande løyve og alkoholpolitisk handlingsplan for 2024-2028. Dersom føresetnadane for fornying av løyve ikkje er oppfylt må løyvehavar sende ny søknad om løyve.

          Vedlegg

          Les meir expand_more
          03

          Levekårsutvalet 15. mai 2024

          Innstilling Publisert

          Likelydande med kommunedirektøren si tilråding.

          Vedlegg

          Les meir expand_more