Forslag

Gravplass for Ulstein kommune - lokalisering

01
Forslag frå M. Feiring (SV)
Forslag
Behandlet

Ulstein kommunestyre viser til brev frå Miljøverndepartementet v/Knut Arild Hareide 18. februar 2005. Departementet sa der nei til framtidig utviding av gravplassen på Osnes. I brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet v/Nikolai Astrup 11. februar 2020 gjekk departementet på nytt i mot utviding av eksisterande gravplass. På bakgrunn av desse to avslaga bør Ulstein kommunestyre avslutte arbeidet med plassering av gravplass på Osnesflotane.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå Sp
Forslag
Behandlet

Kommunestyret går inn for å etablere framtidig gravplass på Oshaugflata, gnr. 7, bnr. 3, bnr. 819 m.fl., jf. kart datert 17.02.2022. Området er høveleg ut frå storleik, arrondering og plassering nær eksisterande gravplass og driftsanlegg.

Kommunestyret viser også til at forholdet til kulturminne i grunnen på Oshaugflata i hovudsak vart avklara i prosessen med gjeldande arealdel til kommuneplanen.

Fylkeskommunen har i møte med kommunen klargjort at det av omsyn til kulturminne og jordvern vil bli frigjeve areal til gravplass på Oshaugflata, medan det er lite sannsynleg at arealet vil kunne nyttast til bustadføremål. Sjølv om jordvernspørsmålet ikkje er avklara med Statsforvaltaren, meiner kommunestyret likevel at kommunen har større tryggleik for å kome i mål med eit reguleringsplanarbeid til gravplass på Oshaugflata enn for alternativet på Flotane og dei to på Hasund .

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å starte opp reguleringsarbeid for gravplass på Oshaugflata etter reglane i plan- og bygningslova. 

Kommunestyret vil medverke til å auke prosentdelen av kremasjon med tilhøyrande bruk av urnegraver og namna minnelund på kort og lang sikt. Kommunestyret signaliserer difor at det i økonomiplanfperioden 2025 - 28 vert innarbeidd eit subsidieringstiltak for å stimulere til at kremasjonsdelen aukar vesentleg i denne perioden.

Vedlegg

Les meir
03
Tilråding frå formannskapet (21. mai 2024)
Innstilling
Behandlet
  1. Ulstein kommunestyre avsluttar alternativ med gravplass på Oshaugflata, Varleite og Hasund 1 og 2.

    • Ulstein kommunestyre finn det naturlig at utviding av eksisterande gravstad vil gi best samfunnsnytte på kort og lang sikt, med redusert areal behov, med ny teknologi og auka kunnskap frå georadar kan dette gi nytt grunnlag for dialog om arealet.

      • Kommunestyret ber administrasjonen sjekke opp kostnader for å benytte seg av georadar på Osneset (som i arealdelen av kommuneplanen er kalla G101 og G102) og arealet på Flotene, og komme tilbake med ei sak om ei slik kartlegging av området.

        Vedlegg

        Les meir
        04
        Alternativt forslag frå Frp
        Alternativt forslag
        På vegner av Framstegspartiet
        Publisert
        1. Ulstein kommunestyre avsluttar alternativ med gravplass på Varleite og Flotane.

          • Ulstein kommunestyre jobbar vidare med alternativ med gravplass på Hasund 1 og 2,

            • Kommunestyret ønskjer også å gå i dialog med eigarane av Oshaugflata om etablering av gravplass dersom regulering til bustader ikkje fører fram.

              • Ulstein kommunestyre finn det likevel naturlig at utviding av eksisterande gravstad vil gi best samfunnsnytte på kort og lang sikt, med redusert areal behov, med ny teknologi og auka kunnskap frå georadar kan dette gi nytt grunnlag for dialog om arealet.

                • Kommunestyret ber administrasjonen sjekke opp kostnader for å benytte seg av georadar på Osneset (som i arealdelen av kommuneplanen er kalla G101 og G102) og komme tilbake med ei sak om ei slik kartlegging av området.

                  Vedlegg

                  Les meir
                  05
                  Kommunedirektøren si tilråding