Ulstein kommunestyre godkjenner intensjonsavtale om overtaking av Høddvollbarnehagen datert 1.5.2024
Ulstein kommune tek over Høddvollbarnehage med verknad frå 1.1. 2025. Overtakinga av barnehagen vert handtert etter reglane om verksemdsoverdraging jf. Arbeidsmiljølova § 16. Alle tilsette i barnehagen får tilbod om stilling i Ulstein kommune lik den stillingsstorleiken dei har i Høddvollbarnehagen.
Ulstein kommune tek over bygningsmasse på eigedomen og lån i husbanken med pant i eigedomen. Kommunen tek over lånet frå 1.1. 2025. Renter og avdrag fram til den dato vert dekt av Høddvollbarnehagen.
Høddvollbarnehagen betaler ut andelskapitalen til foreldre i barnehagen pr 31.12. 2024.
Ulstein kommunestyre godkjenner at nødvendige investeringstiltaket jf intensjonsavtalen vert lagt inn som investeringstiltak i økonmiplanen for Ulstein eigedomsselskap KF for 2025.
Ulstein kommunestyre viser til at fleire av dei private barnehagane i kommunen i fleire år har drive underskot og står i fare for å måtte avvikle drifta. Dette vil i så fall vere ei svært uheldig utvikling som vil vere til skade for innbyggarar og næringsliv og som kommunen bør bidra til å unngå. Kommunestyret ber difor formannskapet om å vurdere å betale ut uteståande pensjonstilskot som er under rettslig handsaming. Kommunen bør og vurdere om ein bør trekke ankesaka slik at dommen i tingretten vert ståande. Dette vil kunne betre likviditeten til dei private barnehagane slik at dagens barnehagetilbod vert vidareført.