Hopp til hovudinnhaldet

Godkjenning av avtale om adm. vertskommunesamarbeid om pedagogisk-psykologisk teneste i Vest-Telemark

01

Formannskapets framlegg

Innstilling Behandlet

1. Vinje kommune melder seg ut av Vest-Telemark PPT IKS.

2. Vinje kommune takkar nei til å vere med i nytt vertskommunesamarbeid om PP-teneste.

3. Vinje kommune opprettar eigen kommunal PP-teneste. Utgangspunktet for PP-teneste i eigenregi er den økonomiske ramma som i 2024 er Vinje kommune sin betaling til Vest-Telemark PPT IKS. Om det er trong for ei auka ramme kjem kommunedirektøren attende i budsjettsaka med det. 

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå K. O. Tveito (SV)

Forslag Behandlet

1. Organisasjonsforma til Vest-Telemark PPT blir endra frå IKS til vertskommune regulert i kommunelova § 20-2.

a. Vest-Telemark PPT IKS blir oppløyst innan 01.01.25 – jf. IKS-lova § 32

2. Kommunestyret vedtek Vinje kommune som vertskommune for PPT Vest-Telemark.

a. Vertskommunen startar rekruttering av dagleg leiar så fort som mogeleg, uavhengig av prosessen med verksemdsoverdrag.

b. Kommunestyret føreset at vertskommunen har ein god prosess med dei tilsette i verksemdsoverdraginga.

c. Tilsette som får nytt arbeidsforhold i Vinje blir underlagt same reglar, retningsliner, arbeidsreglement mm. som er gjeldande for tilsette i vertskommunen.

3. Vinje kommune sluttar seg til samarbeidsavtala som ligg ved saka.

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Tilleggsforslag frå B. Skårdal (VTB)

Tilleggsforslag Behandlet

I ein modell med Vinje som vertskommune må PPT vere ei fagleg og administrativt sjølvstendig teneste.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Tilleggsforslag frå Å. Bringsvær-Sunde (UAV)

Tilleggsforslag Presentert av: Åshild Bringsvær-Sunde Behandlet

Tilleggsforslag til punkt 3 i forslaget til Kari O. Tveito

Vinje kommune lagar spesifikke krav for kva og korleis PPT skal levere.

Vedlegg

Les meir expand_more
05

Endringsforslag frå I. H. Godal (VTB)

Endringsforslag Behandlet

Sak 83/24 PPT

Framlegg til vedtak:

Vest-Telemark PPT held fram som eit samarbeid mellom flest mogeleg av dei 6 VT-kommunane, med same lokalisering som nå.

Kommunane må koma fram til ei klar bestilling av tenester, og byggje vidare på omstillinga som er i gang.

Vinje kommune tilbyr å levere administrative støttetenester til Vest-Telemark PPT etter nærare avtale.

Vedlegg

Les meir expand_more
06

Formannskapets framlegg

Innstilling Behandlet

1. Vinje kommune melder seg ut av Vest-Telemark PPT IKS.

2. Vinje kommune takkar nei til å vere med i nytt vertskommunesamarbeid om PP-teneste.

3. Vinje kommune opprettar eigen kommunal PP-teneste. Utgangspunktet for PP-teneste i eigenregi er den økonomiske ramma som i 2024 er Vinje kommune sin betaling til Vest-Telemark PPT IKS. Om det er trong for ei auka ramme kjem kommunedirektøren attende i budsjettsaka med det. 

Vedlegg

Les meir expand_more